Årsmelding 1997

Styre  1997.

I styret har desse vore: Leiar Aage Henning Stavenes, nestleiar: Kåre J. Kyte, kasserar: Lars E. Fjose, sekretær Arnfinn Brekke. Andre styremedlemmer: Nils P. Brekke, Johannes Kløve, Knut S. Dagestad. Varamenn: Gisle Bruland, Birger Lydvo, Karl Riple.

I arbeidsutvalet har desse vore: Aage Henning Stavenes, Kåre J. Kyte, Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke.  Pr. 31.12.97 var medlemstalet 108.

Møte og tilstellingar:

Årsmøte vart halde på Avhaldskafeen Margrethe 25. februar 1997. Frammøte var 33. Etter årsmøtesakene fekk tidlegare oppvekst- og kultursjef i Ullensvang, Sondov Rabbe, ordet. Han heldt eit svært interessant kåseri om 4. divisjons befalsskule si vinterøving på Hardangervidda i 1930 åra.

Arbeidsutvalet har hatt 3 møte. Det har vore 3 styremøte. Dessutan har deler av arbeidsutvale kome saman for å leggja brev i konvoluttar o.l.

20. mars var det festmøte på Bømoen med markering av 50-årsjubileet for den første Tysklandsbrigade i 1947. Torbjørn Håtveit fortalde levande og interessant frå si tid i brig. 471, som på mange måtar hadde eit nybrotsarbeid å gjera.

Festtalar var var major Rolf Granli frå Folk og Forsvar. Temaet hans var ”Europa i forandring, Nato i forandring”.

6. mai hadde 42 veteranar funne vegen til medlemsmøte på Avhaldskafeen. Tidlegare stortingsmann og statsråd Arne Nilsen  heldt eit svært heldt eit svært  interessant kåseri ”Frå arbeidet i regjering og storting”.

Olav S. Hauge synte ein naturfilm om tiurleik som han sjølv hadde teke opp.

21. november var det festmøte på Bømoen med 53 deltakarar. Prost Olav Fjose kåserte med sin lune og personlege måte om arbeidet i motstandsrørsla under krigen.

Andre aktivitetar.

17 mai sette Tysklands-veteranane også i 1997 sitt merke på folketoget. Men frammøtet kunne nok vore betre.

6. – 14. april var det tur til Tyskland med Lübeck  og Berlin som overnattingsstader og med halvdagstur m.a. til dei illgjetne konsentrasjonsleirane Sachsenhausen og Bergen-Belsen. Som i 1996 var turen lagt opp av Skald Reiser.

30.5. – 1.6. var det landstreff i Oslo med markering av 50-årsjubileet  På landsmøtet 12. – 14. september møtte Aage H. Stavenes og Kåre Kyte. Ved vala på landsmøte vart Aage H. Stavenes vald til varamann i valnemnda og Arnfinn Brekke til varamannn for revisorane.

4. – 5. oktober hadde Sogn og Fjordane avdeling årsmøte i Balestrand. Dei drøfta m.a. samarbeid med Voss og omland avdeling om utgjeving av veteranbok. Som observatør frå Voss møtte Sondov Rabbe og Lars E. Fjose.

4. – 5. oktober hadde Voss og omland Forsvarsforening tur til Valdres. Frå Voss og omland veteranforeining var 2 deltakarar med.

Arbeidet i boknemnda er i godt gjenge. Ei rekkje intervju er gjennomførde. Det er sendt søknad om økonomisk støtte til alle kommunane i Hordaland og til næringslivet på Voss. Samarbeidet med Sogn og Fjordane om veteranboka held på å finna si form.

Sluttord.

Tysklandsbrigadanes Veteranforeining, avdeling Voss og omland har etterkvart funne si arbeidsform som etter styret si meining er bra. Vi vonar at resten av medlemene meinar det same.

Aage Henning Stavenes
leiar  
Arnfinn Brekke
sekretrær

                                                                                                             


Tilbake