Årsmelding 1995

Styre  1995.

I styre har desse vore: Leiar:  Aage Henning Stavenes, nestleiar: Lars Jordal, kasserar: Lars E. Fjose, sekretær: Arnfinn Brekke. Andre styremedlemer: Magne Nordeide, Jan Hjørnevik, Nils P. Brekke. Varamenn: Martin Solstad, Gisle Bruland, Birger Lydvo.

I arbeidsutvalet har dess vore: Aage Henning Stavenes, Lars Jordal, Lars E. Fjose, Arnfinn Brekke.

Pr.  31. 12. 95  er medlemstalet 94.

Møte og tilstellingar.

Årsmøte vart halde i offisersmessa på Bømoen 28. februar 1995. Frammtet va3 33. Oberst Ole Børsheim kåserte om ei tenestetid i Tyskland, i brig. 482 og 521.

Arbeidsutvalet har hatt 6 møte, 4 av desse saman med aktivitetsnemnda. Det har vore 3 styremøte.

9. juni var det stor festsamkome på Bømoen med utdeling av deltakarmedalje. Peder Vangsnes heldt eit friskt kåseri krydra på vanleg ”Peder-vis”. Ei høgtideleg stund var det då oberst Nils Hesjedal delte ut 36 deltakarmedaljer med diplom. Han sa at denne medalje har høg status.

31. oktober var det styresamling på Tvildemoen. Harald Grimestad, som har arbeidd i nedre leir på Tvildemoen i 25 år, viste rundt i leiren, der han er i ferd med å byggja opp eit hærmuseum.

3. november samlast 38 brigadeveteranarar på Vossastølen til førjolsveitle. Arnfinn Brekke fortalde minne frå brig. 482. Det vart vist vedeofilm frå kampane i Valdres i 1940, der ein av forteljarane var Peter Skjeldal frå Bulken.

Andre aktivitetar.

7. mai var brigadeveteranar med under innmarsjen på Idrottsplassen i høve markering av 50-årsjubileet for freden i 1945. Vi vart heidra med trampeklapp frå ein fullsett tribune. Lars Leiro fortalde frå heimefrontarbeidet under krigen og Aage Stavenes om Tysklandsbrigadane og deira oppgåver.

17 mai  gjekk 45 brigadeveteranar i folketoget. Dette var fyrste gongen vi viste offentleg med fana vår. 

”Hordaland” skreiv slik: ”Mellom dei andre innslaga i folketoget må Tysklandsbrigaden sin veteranforeining nemnast særskilt. Frå denne foreining deltok ein flott gjeng med staute veteranar.”

Leiar Aage H. Stavenes var tilstades  ved tilstellinga som Forsvaret hadde på Bømoen i høve nedlegginga av IR 10.

Stavenes var og med på landstreffet  i Verdal.   

På årsmøte i Veteranforbundet i Sarpsborg 15. – 17.9 møtte Aage H. Stavenes og Lars Jordal.

Aktivitetsnemnda arbeider med fleire turplanar, m.a. til Tyskland, til Bjørn West-museet i Matre og til Aurland.

Sluttord.

Veteranforeininga sine møte har etterkvart vorte lagde til Avhaldskafeen Margrethe. Takk til dei for velvilje, for god mat og hyggeleg miljø !

Takk til alle for godt samarbeid i 1995.

Voss, 9. februar 1996.

Aage Henning Stavenes
leiar  
Arnfinn Brekke
sekretrær

                                                                                                             


Tilbake