Årsmelding 1994Skipingsmøte for veteranforening på Voss vart halde på Bømoen 8. nov. 1994. Opptakt til dette møte vart gjort 30. sept. 1996, då eit interimsstyre på 4 mann, Aage Henning Stavenes, Magne Nordeide, Martin Solstad og Lars Jordal gjorde vedtak om å kalla inn til møte for å sjå interessa for å starta forening på Voss. På skipingsmøtet registrerte heile 53 mann av dei frammøte seg som medlem, noko som må seiast å vera god start. Som leiar for foreninga vart vald Aage Henning Stavenes. Med seg i styret fikk han Lars Jordal (nestleiar), Martin Solstad (sekretær) og Lars Fjose (kasserar). Styremedlemer: Jan Hjørnevik, Magne Nordeide og Nils P. Brekke. Det har i perioden vore halde 2 styremøte, 1 medlemsmøte og fleire møte i arbeidsutvalet der leiar, nestleiar, sekretær og kasserar har vore representantar. Av saker som har vore oppe kan nemnast utarbeiding av logo, aktivitetar framover og økonomisk stønad. Det kan nemnast at me etter søknad fekk kr 2000,- av kulturmidlar. Frå kpt. Støyva har me fått ei gåve på kr. 2.000,-. Største økonomiske lyft har vore kjøp av foreningsfane. Fana har me allereide fått, staseleg og fin. Dette med tanke markeringa av 50 års minnet for frigjeringa i mai, då defilering truleg vert ein del av vårt innslag. Elles deltaking i folketoget 17. mai, og ymse andre høve. Me vil også arbeida for ei festleg råme ved utdeling av medalje og anna.
Martin Solstad sekretær |