Temahefte om Tysklandsbrigadane
I åra 1947-53 gjorde rundt rekna 50.000 unge norske menn teneste som soldatar i Tysklandsbrigaden. No skal også skuleungdomen få kjennskap til denne delen av nyare norsk historie.
Av Nils Kvamsdal, "Hordaland"
Tysklandsbrigadenes Veteranforbund har i lengre tid arbeidt med tanken om å gjera si historie kjent for dagens ungdom. Og takka vere bokverket "De norske styrker i Tyskland 1947-1953" av Olav Breidlid og Ernst Olav Bjørkevik, har dei endeleg lukkast. Dei to forfattarane har, saman med tysklandsveteran og tidlegare skuleinspektør i Drammen Per Kjøstolfsen laga eit temahefte med utdrag frå bokverket. Dette heftet er no veteranforeininga si lokalavdeling Voss og omland no i full gang med å distribuera til ungdomskular og vidaregåande skular i vårt område.
Vil undervisa
Me distribuerer hefta som klassesett, og til no har me fått ut rundt 200 hefte i Voss kommune. Men me skal ta føre oss dei andre kommunane òg, lovar lokallagsleiar Aage Stavenes. Saman med lokalavdelinga sin sekretær, Rolf Helgesen, ynskjer han kontakt med flest moglege skular i regionen.
I tillegg til hefta, stiller me meir enn gjerne i historietimar eller i andre samanhengar og fortel om åra våre i Tyskland. Me har mellom anna fått tak i ein god del autentisk film-materiale frå krigsarkiva i England, og her kan det vera mykje interessant stoff for dei unge, meiner Stavenes.
Til tysk
Tysklandsbrigaden er ikkje berre ein del av nyare norsk historie, den er også i høgste grad ein del av nyare tysk historie. Og veteranforeininga arbeider for å setja spor etter seg i Tyskland. I den samanheng har lokallaget på Voss fått lærarar på Voss gymnas til å omsetja eit resymé av temaheftet til tysk. Gjennom den tyske ambassaden og den tyske militær-attacheen her i landet vonar veteranane å få distribuert dette resyméet i Tyskland.
Aktive
Sjølv om lokalavdelinga på Voss med sine 135 medlemer (ikkje 35 slik me kom i skade for å skriva for kort tid sidan), er ei av dei mindre, er det ei aktiv og engasjert avdeling.
Medlemene våre tek etter kvart til å dra på åra, og me vil freista å skapa aktivitet som skal få folk opp av sofaen. Difor vil me no freista å skipa til møte første tysdagen i kvar månad. Første møtet skal vera på Nøring 5. desember, og det er tale om ei prøveordning i denne omgang, seier Helgesen.
Ein annan aktivitet lokalavdelinga driv, er øvings- og konkurrranseskyting på Skjerve skytebane. Treninga går utover hausten, med avsluttande konkurranse, og i år var det Otto Småbrekke som gjekk til topps med 90 poeng. Det er ikkje verst, når ein tek omsyn til at veteranane som seg hør og bør brukar Mauser med ope sikte. Småbrekke vart òg årets vinnar av vandrepokalen som er sett opp av Voss Sparebank, medan toaren i år, Leiv Lid (88 poeng), vann pokalen til odel og eige for best gjennomsnitt etter tre år. Dei fire andre deltakarane i årets konkurranseskyting var Bernt Veka (81 poeng), Birger Berge (79 poeng), Magne Nordeide (78 poeng) og Martin Solstad (70 poeng). Småbrekke stakk av med Solveig og Bernt Veka sin gåvepremie for beste øvingsskyting.
|