Sogn Avis 29. april 1998:

Den første Tysklandsbrigaden, brig 471




Av: Audun Barsnes

Vestlands-bataljonen, BnII/Brig 471, heldt til ei tid i Höxter. Biletet syner påtroppande vaktstyrke ved vaktombyte i leirvakti ein dag i 1947.

Kven kjenner seg att mellom desse stramme karane? Her er i alle høve minst ein sogning, kanskje fleire.

Observatørar frå andre nasjonar gav Vestlands-bataljonen sers rosande omtale både når det galt bataljonens teneste og dei einskilde soldatane si framferd og «style». Observatørane ville alltid vita kor lenge dei menige hadde vore inne til teneste, og dei vart opp i undring då dei fekk høyra at det ikkje var «regular soldiers» men vernepliktige inne til førstegongsteneste. - Dette fortaldebataljonssjefen Reidar Løvlie då me vel heimkomne skildest på Ulven, og la til at 1925-årgangen måtte vera ekstra god!

Det var nok fleire grunnar til dette. Jamvel om svært få av dei menige hadde vore i kamp med tyskarane i krigsåri, så hadde dei likevel hatt sine ungdomsår under tvang og terror, og som vestlendingar fått røyna dette i større grad enn ungdom i fleire andre strøk av landet.

Det var difor stort alvor over å reisa til Tyskland med den første brigaden. Og det gjorde ikkje stoda betre då det tok til å gå rykte om kva okkupasjonssoldatar kunne venta seg frå hatefulle, slegne soldatar i det utbomba landet.

Alt dette må ha vore medvirkande til at opplæringstidi både heime og i Tyskland vart så positivt utnytta. - «I fredstid har Noreg aldri hatt bedre soldater», sa ein norsk general imponert då han vitja Vestlands-bataljonen. Han peikte på at det såg ut som soldatane tevla om å ha det beste laget, troppen eller kompaniet.

Det krigsrøynde befalet med mange år bak seg i England og aktiv innsats både frå raids og invasjonen, må få sin rette del av æra. Bataljonssjefen Reidar Løvlie kravde rein engelsk stil, og det var ikkje nokon imot, aller minst dei som hadde hatt opplæring i England, t.d. kaptein Risnes frå Bjørn West og commando-befalet med dei grøne beretane.

Resten av befalet, dei utan krigsrøynsle og dei yngste,
nokre av dei var sjølv i 25-årsklassen, gjekk alle som ein inn for den engelske stilen. Det var nok noko framandt i byrjingi, men det var som om alle hadde fått si eiga rolle å spela i tonestetidi, frå mening til sjefen sjølv, - og så fekk ein heller vera seg sjølv i fritid og privat.

«Fraternisering» med tyskarane var forbode den første tidi, men etter kvart lempa det seg mykje. Nordmennene fekk innsyn i det tyske samfunnet og såg dei store lidingane det tyske folket måtte bera på grunn av nazismen, og haldningi hjå soldatane var prega av medynk med tyskarane då dei kunne fara heim att til Noreg.



Tilbake