Marsjerte for fred

460 elevar ved Voss ungdomsskule gjekk onsdag Fredsmarsj i høve 60 års markeringa for
freden i Noreg. Norges Gang- og Mosjonsforbund er hovudarrangør av Fredsmarsjen 2005, som dei var i 1945 og i 1995. Det store idrettsarrangementet vart skapt av ei felles glede over frigjering og fred, og i 1945 deltok 554.000 nordmenn i marsjen. I 1995 var talet 596.500, og også i år prøver forbundet å få lokale lag, skular, barnehagar og andre til å arrangera fredsmarsj veka 1. til 8. mai.

Måndag gjekk elevane på Bjørgum skule fredsmarsj, og onsdag var det altså Voss ungdomsskule sin tur. 60-års markeringa vart opna av rektor Gunnvor Børsheim Lindland. Deretter las medlemmene i elevrådet sitt arbeidsutval kvar sitt vers av diktet Austvågøy av Inger Hagerup. Åge Stavenes i Tysklandsbrigadens Veteranforening avslutta med ei helsing til elevane, før marsjen gjekk frå skulen, over Prestegardslandet til Park Hotel Vossevangen og tilbake.

(Avisa "Hordaland")

RAGNHILD DÅRFLOT OLSEN | tekst
SJUR HERRE | foto

06.05.2006 marsj 06.05.2007 marsj 06.05.2008 marsj
06.05.2006 marsj.jpg 06.05.2007 marsj.jpg 06.05.2008 marsj.jpg
06.05.2009 marsj 06.05.2010 marsj 06.05.2011 marsj
06.05.2009 marsj.jpg 06.05.2010 marsj.jpg 06.05.2011 marsj.jpg
06.05.2012 marsj 06.05.2013 marsj 06.05.2015 marsj
06.05.2012 marsj.jpg 06.05.2013 marsj.jpg 06.05.2015 marsj.jpg
06.05.2017 marsj 06.05.2018 marsj 06.05.2019 marsj
06.05.2017 marsj.jpg 06.05.2018 marsj.jpg 06.05.2019 marsj.jpg
06.05.2020 marsj    
06.05.2020 marsj.jpg

Tilbake