"Fred er ikkje sjølvsagt"- I dag er det den usynlege trusselen som uroar oss, sa oberstløytnant Nils Th. Melby då han heldt 8. mai tale ved minnesmerket i Bømoen laurdag. Med den usynlege trusselen sikta Melby til terror. Stadig modernisering Nærare 70 menneske hadde møtt fram til Voss og Omland Forsvarsforeining si solfylte markering av frigjeringsdagen i Bømoen. Oberstløytnant Melby, som til dagleg held til på Skei i Jølster, trekte linene frå motstanden i krigsåra 1940-1945 og fram til i dag. Han sette spørsmålsteikn ved motstandskrafta til det norske folket og forsvaret anno 2004. Minna om det som hendte Også ved minnesmerket i Prestegardsmoen var det kransepålegging laurdag. Der hadde kring 40 menneske møtt fram for å heidra dei falne. Voss Gutemusikklag anno 1947 stod for musikken, medan Aage Stavenes heldt tale for dagen. Tekst og foto: RAGNHILD D. OLSEN, avisa "Hordaland" |