8. mai 2001

Aslak Helleve under kransenedlegginga:

"Frigjeringsdag" står det på kalendaren i dag. Det er til minne om at det var 8. mai 1945 landet vart fritt etter fem års okkupasjon. Men bak 8. mai ligg 9. april 1940, dagen då Noreg vart overfalle.

For oss som var born den gongen var det spennande. Det var spennande med flya som skaut med maskingevær. Det var spennande å sjå på at soldatheimen på Bømoen brann. Det var også spennande å høyra dei vaksne fortelja at mange av husa på Vangen hadde brunne ned.
Men då me fekk høyra at ein huslyd på Rykkje var drepne av ei bombe, kom krigen nærare og vart alvor for oss og. Ei jente som miste livet der, var klassekameraten min.

For soldatane som vart sende austover, til Valdres og andre stader, vestover mot Bergen, eller til Skjervet, var det og alvor. Med lita øving, lite og gamaldags utstyr skulle dei prøva å stogga den sterkaste krigsmakta i Europa. Dei gjorde sitt beste, men laut gje tapt. Nokre av dei måtte ofra det dyraste dei åtte, sjølve livet.

Så kom dei fem lange åra med okkupasjon. Mange ungdomar rømde frå landet og slo lag med dei norske styrkane ute. Andre dreiv ymse illegalt arbeid her heime, ein del av dei vart arresterte, sume kom ikkje att frå konsentrasjonsleirar i Tyskland. Den tredje store gruppa som gjorde aktiv innsats i krigen var sjøfolka, dei heldt handelsflåten i fart under heile krigen. I alle desse gruppene var det mange som fall i striden.

I dag seier sume at dei vert trøytte av alt pratet og skrivinga om krigen, og meiner me ein gong må verta ferdige med det. Det er lett å seia for oss som krigen kosta lite. Me har vanskeleg for å forstå det enorme presset det var for dei som den gongen stod midt oppe i det. Kjenslene ved det dei opplevde var så sterke at sume av dei like til no ikkje har orka å snakka om det som hende for 60 år sidan.

I dag vert me utsette for ein flaum av inntrykk frå alle kantar. Det skal noko til å greia halda fast det me bør minnast, det me bør ta vare på. Dette minnesmerket skal hjelpa oss til ikkje å gløyma.

Minnesmerket vart reist i 1990 etter opptak av nokre privatpersonar. Det er eit minnesmerke over alle frå bygda som miste livet som fylgje av krigshandlingane. Sume fall i kamp, andre var passive, men vart drepne likevel. Krigen er vilkårleg, slik.

På steinen står det:

For Noreg gav dei livet sitt
so landet atter kunne verta fritt
Til minne om bygda sine eigne

På vegne av Tysklandsbrigadane si veteranforeining på Voss skal eg få leggja ned denne kransen i djup takksemd og vyrdnad for minnet om dei vossingane som fall i krigen 1940 – 45.

Aslak Helleve


Aslak Helleve legg ned krans på minnesmerket over dei som miste livet som fylgje av krigshandlingane i 1940 - 1945. Foto: Sjur Herre.

Sjå meir frå markeringa av 8. mai

Tilbake