Godt folk!
For Noreg gav dei sine liv, så landet atter kunne verta fritt. Ja slik står det på bautaen bak meg her.
Den 8. mai 1945 er vel den største og finaste dagen me veteranar har opplevd. Å kunna heisa det reine, Norske flagget på ei flaggstang som hadde stått naken i fem lange, tunge år. Dette i sterk kontrast til det som hende 9. april 1940 då landet vårt vart herteke og sundbomba av den grusomme, nasistiske tyske hermakt.
Mange ofra mykje og gjorde ein stor innsats desse fem åri i frihetskampen, men den største innsatsen gjorde nok dei som ofra sitt eige liv. Dei fekk ikkje gleda av å atter feira eit fritt, sjølvstendigt Noreg.
Difor er det svært viktigt at me heidrar og minnest dei så godt me maktar, og ikkje minst, informera og bringa vidare til yngre, oppveksande slekter kva verdi det er å leva i eit fritt demokratisk samfunn. Likeeins passa på at ikkje nedbrytande, ekstreme krefer får byggja seg opp opp, slik der er spreidde tendensar til i dag og det som også var årsaka til siste krig. Dette er vår plikt mot fedrelandet. og det store offeret som dei fallne gav.
Mannen kan siga, men merket det må i Noreg si jord som på Stiklestad stå.
Og det er da store, og det er det glupe, at merke det stend, om beraren stupa.
Med takksemd og respekt legg eg denne kransen ved bautaen.
Lars Jordal
|