I vikingane sine fotspor i Yorkshire

Jubileumstur for Tysklandsbrigaden avd. Voss og omland til York i England i tida  31.05. til 06.06. 2007.

Turen starta frå Voss st. torsdag 31. mai kl. 06.30. Me hadde eigen buss frå selskapet Tide. Reiseleiar Torill Kvamme, frå Reisebyrået Hordabuss og sjåfør Geir Arne Løtveit.

Bussen køyrde direkte til Skoltegrunnskaien i Bergen og var framme kl. 08.30. Båten som heitte Queen of Scandinavien, gjekk kl. 09.30. Det var ein gamal båt, men det var første turen den hadde i ruta frå Bergen. På turen sørover var me innom Haugesund og Stavanger før kursen vart sett over Nordsjøen til Newcastle. Det var stille og fint ver over Nordsjøen og ingen i laget var sjøsjuk

Dag 2, fredag 1. Juni.

Etter frukost om bord i båten fredag skulle me gå i land i Newcastle kl. 10.30. På grunn av ekstra passkontroll på land måtte passasjerane stå å kø ca 1 time før me kom på land.

På grunn av sein ilandstigning vart turen innom Durham sløyfa og utsett til dagen me var på veg tilbake til Newcastle.

Turen sørover gjekk gjennom store landbruksområde, med bøljande kornåkrar og beitande kyr og saueflokkar. Første stopp var i Richmond ca. kl 13.00 engelsk tid. Det var då tid for lunch, og kvar kjøpte sin lunch der det høvde.

Kl. 14.00 var laget samla for å gå til Green Hovards museum. Green Howards var eit av Englands eldste regiment og oppretta i 1688.

I 1940 vart regimentet sin første bataljon sendt til Norge som ein del av den 15. brigade for å hjelpa til med å stoppa dei tyske invasjonstroppene.

Kong Harald var æresoberst i regimentet frå 1992. Han fylgde etter Kong Olav som og fylgde etter Kong Håkon.

Regimentet tok våren 2006 farvel med sin ”Coloniel-in-Chief” Kong Harald. Kongefamilien hadde då hatt forbindelse med regimentet  heilt frå 1875.

Den 6. juni 2006 vart Green Howards slått saman med to andre regiment til eit nytt Yorkshire regiment

Som gåve til museet overleverte formannen og Nils Selvik boka om Tysklandsbrigaden oversett til engelsk og Tysklandsbrigaden sin vimpel med det Norske flagg og H 7 merket.

Etter museet gjekk turen vidare sørover gjennom store landbruksområde og små landsbyar til me kom fram kl. 18.00 til Scarborough og tok inn på  St. Nicolas Hotell der me skulle bu i 5 dagar. Scarborough er ein gamal ferieby med store sandstrender og mange hotell.

Om kvelden var det felles middag kl.19.00.

Dag  3,  laurdag 2. Juni.

Dagen starta med frukost på hotellet frå kl. 0800 – kl. 0930.

Dagens utferd starta med buss kl. 10.00 og første mål for turen var landsbyen Aidensfield som

er best kjend gjennom TV serien  ”Med hjarte på rette staden”.

På turen nordover orienterte turleiaren Torhild om Yorkshire området samtidig som me køyrde gjennom landbruksområde og nasjonalpark med store område med lyngheier og kupert landskap.

Landsbyen Aidensfield var lett attkjennande frå TV serien. Både bilverkstad og pub var likevel meir baserte på turisme enn det går fram av filmen. Togstasjonen og 2 tog med damplokomotiv såg me i reell drift.

Det var elles ikkje personar frå filmen å sjå i den daglege drifta.

Etter opphaldet i Aidensfield gjekk turen vidare til Whitby, ein liten fiskarby som er mest kjend for servering av Fish and Chips.

Til lunchtid var det klart at alle måtte prøva byens kjennemerke og alle var samde om at det smaka godt.

På turen sørover var me innom ein liten landsby ved havet som heitte Robin Hood. Landsbyen var kjend avdi Robin Hood hadde havn for skipa sine her. Vidare er landsbyen kjend frå gamal tid å vera havn for mottak av smuglarvara av ymist slag.

Me kom tilbake til Scarborough i god tid før middag kl. 18.30 på hotellet. Dei som ynskte det kunne då gå ein tur i byen eller til sjøen på den lange sandstranda. Her var det eit yrande folkeliv  med mange tilbod om aktivitetar

Dag  4,  Sundag 3. juni.

Etter frukost gjekk turen denne dagen til EDEN CAMP Moderen History Theme Museum.

Som låg ca 1 times køyring frå Scarborough. Også her køyrde me gjennom store landskapsområde med jordbruksland. I tillegg til ku og sau var det og store grisefarmar med frittgåande griser.

Eden Camp er eit uvanleg prisbelønt museum som fortel om det britiske folket sin innsats under andre verdenskrigen.

Det var tyske og italienske krigsfangar i Edens Camp  i åra 1939 – 1948. I dag vert ein del av hyttene som italienske krigsfangar bygde i 1942 , brukt som museum der ein med lyd og bilete syner korleis livet arta seg for folket. Kvar hytte har eit eige tema som viser korleis britane levde under krigen – alt frå Chamberlain kunngjorde krigsutbrotet til fredsluttningen kom i 1945.

I tillegg var det hytter som viste ymse krigshandlingar i andre verdenskrigen frå sjø, land og i lufta.

Det vart også vist historia om krigane i Korea, Malaysia, Japan, Kina og Falklandskrigen

Utendørs var det store område der gamalt krigsutstyr var utstillt

I leiren var det kantine så kvar kunne kjøpa den lunch som dei ynkste.

Dagen vart avslutta med middag på Hotellet kl. 18.30 og ein tur på byen for dei som villedet.

Dag  5, Måndag 4. juni.

Utferda denne dagen var til byen York. Turen starta etter frukost kl. 10,30 og etter ein og ein halv time kom me til York eller Jorvik som var det gamle namnet. Byen har bevart mykje av middelalderpreget og ein del av byen er som eit levande museum. I tillegg har dei laga eit  Jorvik Viking Senter. Dei mange utstillingane her syner den perioden då York var ein viktig vikingby. Gjennom ein del av sentert fylgde me ein bane  der me såg korleis det daglege livet arta seg for etterkomarane av dei norske vikingane.

Når me var ferdig på museet vart det til  å rusla rundt og gjera seg litt kjend  og sjå på livet i byen, til me skulle samlast utafor den store katedralen.

Eit sermerke for byen var og den gamle bymuren frå 1000 talet som vern for intrengjarar. Bymuren var for det meste intakt også i dag og tilrettelagd som spaserveg.Ein del av laget tok turen på ein del av muren.

York Minster - Katedralen er den største  kyrkja i gotisk stil som er bygd nord for Alpane. Den er 158 meter lang og 76 meter breid over midtskipa. Katedralen har den største samlinga av glasmåleri  frå middelalderen i Storbritannia.

Byen York var eit interessant besøk. Me kom tilbake til hotellet i god tid til middag kl. 18.30.

Om kvelden bybesøk og selskapleg samvær.

Dag 6, Tysdag 5. juni.

Etter frukost var dagen fri til eventuelle turar i byen eller gjer innkjøp, fram til kl. 12.00 då me starta på tilbaketuren til Newcastle. Me køyrde nordover langs kysten framum byane Whitby og Middelborough til byen Durham der me kom kl. 14.00. Det var då tid for lunch og kvar kjøpte det dei hadde lyst på.

Målet for Durham var å sjå den store katedralen i byen. Det var eit stort bygg med mykje glasmaleri i vindaugene. Katedralen var bygt i romersk stil.

Me var og så vidt innom eit inna dørs maked utan at det vart handla noko serleg.

Byen Durham var ein industriby, gatene var smale og vanskelege å ta seg fram i, serleg med store bilar.

Kl. 16.00 gjekk turen vidare til Newcastle og etter ein times køyring stod me på kaien der båten låg å venta.

Etter billettane var henta og ferdig med ordinær passkontroll kom me om bord i båten som gjekk kl, 19.30.

Med det same båten gjekk samlast me til felles middag i spisesal for oss sjølve.

Dette var det siste fellesmåltidet på turen.

Formannen ynskte vel møtt til bordseta og takka alle for ein hyggeleg tur.

Fremming takka turleiaren og sjåføren for den gode måten dei hadde lagt opp og leida turen. Som takk for godt utførd arbeid overleverte han ein pose der innhaldet skulle delast likt på dei to.

Dag 7, onsdag 6. juni.

Det var heilt stille ver over Nordsjøen og båten kom til Stavanger kl. 13.00. Var innom Haugesund kl. 17.00 og kom til Bergen kl. 22.30.

Etter ein del venting på kaien kom bussen på land slik at me kunne setja kursen mot Voss kl. 11.30.

Vel framme på Voss kl. 01.00 var det tid for å  sei takk for ein hyggeleg tur der me og hadde vore uvanleg heldig med veret, då me ikkje hadde ein einaste regndråpe på heile turen

Brita og Ragnvald Fleten.