Litt om bakgrunnen for TysklandsbrigadenKong Haakon VII |
Tysklandsbrigaden er ein viktig del av historia som fortener å forteljast for yngre generasjonar og repeterast for dei som var med den gongen. Tysklandsbrigaden var og ei vesentleg brikke i spelet om atterreising av det norske forsvaret etter krigen. Etter den første verdskrigen var Tyskland fullstendig knust og hjelpelaust. Men landet kom seg fort. Det tok 14 år før militarismen atter var ved makta og 20 år før dei tyske nazistane og militaristane kasta verda ut i ny krig. Under 2. verdskrig, 1939-45, vart dei allierte maktene tidleg samde om at dei denne gongen måtte hindra at historia tok seg oppatt, for si eiga skuld, for verda si skuld og for Tyskland si skuld. Målet som dei allierte sette seg, var å gjera Tyskland til ein fredeleg medlem av folkefamilien og til eit sant demokrati. Men kloke av skade ville dei allierte denne gongen sjølve og på staden syta for at dei tyske militære organisasjonane vart fullstendig oppløyste, at den tyske rustningsfamilien vart jamna med jorda, og at krigsforbrytarane verkeleg vart straffa Den norske London-regjeringa forhandla i all løynd med britane om å delta i okkupasjonen av Tyskland når krigen var over. Desse forhandlingane gjekk føre seg frå slutten av 1943. I åra 1947-53 gjorde ca. 50.000 norske soldatar teneste i Tysklandsbrigaden. Deltaking i okkupasjonen av Tyskland tydde framhald av den militære kontakten med Storbritannia, og var med på å førebu grunnen for norsk deltaking då dei vestlege landa slutta seg saman i NATO i 1949. Vidare var det ein del av fredsprosessen, eit moralsk handslag til Storbritannia som takk for gjestfridom og hjelp under den 2. verdskrigen. Norske soldatar drog "Til Tyskland for freden". Spørsmålet om heimsending av Tysklandsbrigaden vart fleire gonger drøfta. Men viktige hendingar gjorde at planane vart utsette:
Stortinget vedtok 26. februar 1951 å gje regjeringa "fullmakt til å forlenge for en tid av inntil seks måneder avtalen med Storbritannia om norsk deltakelse i okkupasjonen av Tyskland av 5. juni 1947, med tillegg av 31. juli 1948."
Troppetransportskipet "Svalbard" |