Innlegg av Aage Henning Stavenes den 02-07-00.
Føremålet med å oppretta vår web-side er å kunna få ut informasjon om Tysklandsbrigadens plass i Forsvarets historie.
Målgruppa vår er ungdom og elevar på Ungdomsskular og Vidaregåande skular. Også for veteranar som vil minnast tenesta i Tyskland. Tysklandsbrigaden er no historie, men ein viktig del av historia som vi trur vil ha interessa for den yngre generasjon.
Tysklandsbrigaden kom til å påverka utforminga av vår Forsvarspolitikk etter krigen og for norsk deltaking i NATO for over 50 år sida. Den var ein god skule for våre offiserar i Hæren og for utviklinga av det norske Forsvar.
For dei som er yngre og ikkje hugsa 50-60 år tilbake vil ikkje heilt kunna forstå den store omstilling og utvikling som har vore sidan 1945.