Gjesteboka: Brigade 511

Tilbake til gjestebokarkivet

Innlegg av Bente Elin Erga den 13.06.05.

Ser at nokon helsar til kameratar i Brig 511. Min no avdøde nabo, Anders N. Nesbø, tenestegjorde i Brig 511. Meiner å hugse at han var i sambandet, Olga batteriet vart i alle fall nemnd. Grunnen til at hugsa det er at eg fekk høyre ein historie om grisen/villsvin kryssinga Olga som vart oppkalla etter dette batteriet. Ho vart vist oppvarta etter alle kunstens reglar, men kva skjebna hennar vart veit me ikkje. Anders håpa i alle fall at ho fekk leve vidare etter oppnådd slaktevekt og at ho ikkje hamna i grytene. Kansje nokon hugsar henne og veit korleis det gjekk med ho??