Våt brigademanøver

Tor Eirik Stensvand, LMV

Etter jul var det brigademanøver i Sennelager. Det var framleis vinter. Det var slik at annankvart år budde soldatane i brakker og annankvart år i telt, og det var vår tur til å bu i telt. Telta var oppsette, snø og fint var det då vi gjekk og la oss om kvelden. Underlaget skrådde litt ned mot pakningane som låg nedst i teltet, og då vi vakna om morgonen låg vi og plaska med beina i vatn, for det hadde snutt om til mildver om natta. Vi fann oss eit utbomba hus som det jamvel var straum og innlagt vatn i, og der flytte vi inn. Det var bikkjekaldt . Vi hadde nokre madrasser på golvet som vi låg på, og når vi la oss to og to inntil kvarandre og brukte alle ullteppa vi hadde med oss og la ”anton” på toppen, så klarde vi så vidt å halda varmen. Når vi ikkje var opptekne med å reparera køyretøy om dagane, spela vi tjueeitt med sigarettar som innsats.


To strilar og ein sogning saman med julenissen på Reperbahn i Hamburg 1952. (Per Lie, Brig. ko.)