Gode tilhøve på kasernene

Gunnar Øydvin, Sanitetskompaniet

Vi kom til Kiel tidleg om morgonen og vart stua inn i lastebilar som køyrde oss til leiren i Schleswig. Der fekk me det mykje romslegare og betre enn me hadde hatt det før. På Lahaugmoen var me 20 stykke på romet, i Tyskland ikkje meir enn 6. Det var veldig fine kaserner, med bad og toalett i korridorane.
Me var på vinterøving i Harz i kulde og snøver. Det var vel opp til 20 kuldegrader, og det var kaldt i dei uoppvarma telta me budde i, men me fraus ikkje noko serleg, for me hadde gode klede. Det var einaste når me skulle eta, då var det kaldt. Når me var på manøver, hadde me skiutstyr, men elles hadde me ikkje ski.
Sanitetskompaniet hadde feltsjukehus bak styrkane, me hadde ikkje så svært mykje å gjera, men nokre øvingar hadde me. Når det galdt våpen, hadde me berre lette handvåpen, revolverar.


Inneteneste. (Per Lie, Brig. ko.)


Dei tyske borna var svært glade i å bli fotograferte. Soldatane er Svein Oskar Kvamme og Svein Skårheim. (Svein Skårheim, Brig. ko.)


Etter nyttår i 1953 skulle brigaden ha ein større manøver i Sennelagerområdet. Men så kom Asia-sykja til Tyskland, og av soldatane i brigaden vart så mange sjuke at manøveren måtte avlysast. Av gjengen på biletet er alle som ikkje har stridsantrekk sjukemelde. (Per Lie, Brig. ko.)