Transport av forsyningar og personellAv Per Lødøen, TransportkompanietTransportkompaniet i brigade 511, der eg tenestegjorde som sersjant, var stasjonert i Schleswig, saman med sanitetskompaniet i brigaden. Oppgåva vår var å utføra transportoppdrag for alle avdelingane i brigaden, og det vart ofte mange og lange turar kring i heile Vest-Tyskland. Me hadde faste ruter, mellom anna til Danmark og Hamburg etter forsyningar. Den norske brigaden var ein del av den britiske okkupasjonsstyrken i Tyskland, og mykje av det som skulle ut til dei ymse avdelingane henta me frå britiske lager i Hamburg, medan ferskvarer, som mjølk, vart innkjøpt i Danmark. Til Hamburg hadde me ofte fleire turar for veka, så me vart godt kjende der etter kvart.
Bombekastartroppen, som hadde jeepar med tilhengarar som førde fram våpena, oppstilt i Kiel for å køyre ut på manøver. (Gerhard Nordvik, St. kp.) Farlege vegarSjølv var eg oppsett med motorsykkel, men på vanlege transportoppdrag var eg oftast med på ein av bilane. Ein del vegar i Nord-Tyskland var brulagde med såkalla Black Cobbles, ein kunstig vegstein som var vanskeleg å køyra på i regnver. Me kom ein gong fem motorsyklistar køyrande etter kvarandre på ein slik gate, med meg som sistemann i gruppa. Ein stad der eit jernbanespor kryssa gata var det litt ujamn vegbane, og der laut alle fire framføre meg i bakken. Det gjekk heldigvis godt med dei. Ein del køyreulukker hadde me elles og, men ingen så alvorlege at nokon miste livet. Mange gonger var det likevel eit under at det gjekk så bra som det gjorde. Å køyra tur retur til Sennelager var krevjande, serleg køyring i kolonne, som det ofte var. Det er einsformig å sitja og sjå på den same bilen framføre deg og halda den same avstanden i timevis, og det er lett gjort å duppa av for sjåføren. Det kan få alvorlege fylgjer, serleg dersom ein har personell på lasteplanet. Kontakt med tyskararDet var tyske mekanikarar i arbeid på verkstaden vår, men eg hadde lite kontakt med dei. Dette var i 1952, 7 år etter at krigen var slutt, og vilkåra for det tyske folket hadde kome seg mykje. Vårt inntrykk var at tyskarane arbeidde hardt for å få skikk på landet etter dei svære øydeleggjingane krigen hadde ført med seg.
Saman med ein kamerat utanfor ein forretning i Kiel. Permisjonstur til ItaliaPå den såkalla tidagarspermisjonen reiste me nokre sersjantar i lag med tog til Italia, og hadde ein fin tur dit. I Roma kom me i prat med ein katolsk prest, som fortalde at ein helgen skulle verta kanonisert i Peterskyrkja. Han spurde om me hadde lyst til å vera med, det hadde me, og fekk billettar hjå han. Det vart ei spesiell og merkeleg oppleving for oss. Fyrst marsjerte sveitsergarden inn til trompetfanfarar, og så kom paven sjølv på ein berestol. Folk kasta ting opp til han, ting som paven velsigna og slepte dei nedatt. Folk kjempa for å få tak i desse tinga som paven hadde velsigna. Det var ei spansk sjukesyster som vart kanonisert. |