Høg arbeidsløyse i Schleswig-Holstein

Av Roald Sunde, Sanitetskompaniet

Etter 6 månader i Sanitetskompaniet på Lahaugmoen var det ein kveld i av oktober 1951 at vi gjekk om bord i troppetransportskipet ”Svalbard” som skulle ta oss med til Tyskland. Eg hadde tidlegare høyrt fortalt at denne båten var komen til Amerika for å frakte amerikanske soldatar til Tyskland, men båten vart ikkje godkjend av dei amerikanske sjøfartsstyresmaktene. Men til oss var han god nok.
Det første inntrykket av Tyskland fekk vi då vi steig i land på kaia i Flensburg for å reise vidare med bil til garnisonen vår i Schleswig. Det første ein legg merke til er det flate landskapet, utan fjell og skogkledde åsar. Det einaste ein ser av skog, er dei kjempesvære trea som står på begge sider av landevegane. Desse vegane er heller ikkje som dei vi var vane med i Noreg. For det første er dei ikkje gruslagde eller asfalterte, men steinsette med vanleg gatestein. Vegane er nokså breie, og bilane slakkar ikkje det minste av på farten om dei treffer møtande bilar. Det kan vere tungtransportar som er om lag tre gonger så store som ein fem tonns lastebil. Som sjåførar hadde vi alt heime i Noreg fått ei alvorleg åtvaring om dei tyske landevegane som skulle vere glatte og fårlege i vintertida, og desse trea som stod med ein avstand av 3 – 4 m. over alt langs vegkantane, skulle vere Tysklands største sjåførmordarar. Når ein ser på desse trea, legg ein merke til at nesten alle som eitt var meir eller mindre tilflerra. Og dette var sjølvsagt merke etter bilar.
Der vi var stasjonerte, i Schleswig-Holstein, var det store avstandar i busetnaden, og husa her var bygde av stein eller støypte. På dei vanlege gardane var stovehusa bygde i ein stil som neppe har vore kjend i Noreg. Sideveggene var mura eller støypte berre så høgt at dei fekk plass til dører og vindaugo, taket gjekk så derifrå og nokså bratt opp. Grunnen til dette var nok at dei i staden for takstein har brukt eit slags stråtak. Då vi kom til garnisonen vår i Schleswig, fekk vi med det same intrykk av at Tyskland har vore ei stor militærmakt, å døma etter dei store, flotte kasernene som stod side om side, og som vi no skulle flytte inn i.


Fotballaget til stabskompaniet som slo laget til sambandskompaniet 3–2 i cupen. (Ola Nyhagen).

Dei første kveldane etter brigadeskiftet var mange av soldatane ute i byen for å gjera seg kjende. Det som i første omgang viste seg å vere det mest tiltrekkande, var alle utstillingsvindaugo i forretningane. Det var ikkje så rart, alt ein visste om, vart selt i forretningar, også alkohol, som heime berre vart seld gjennom Vinmonopolet. Ei flaske alkohol kosta i Tyskland 6 mark, til samanlikning kosta 1 kg. kaffi 30 mark.
Dei første inntrykka vi fekk av denne landsdelen i Tyskland, var at det måtte vera velstand og høg levestandard. Men det gjekk ikkje så svært lenge før dette inntrykket forandra seg. Vi la for eksempel merke til at det måtte vere ikkje så lite arbeidsløyse. I garnisonen vår var det ein del tyske arbeidarar. Her kunne vi ofte sjå mannfolk i sin beste alder gå og pusse støv og vaske gangar i kasernene. Ein av dei tyske frisørane fortalde at dei frisørane som hadde vore der før måtte slutte, fordi det var andre med større familiar som måtte få plassen. Grunnen til dette forstår ein betre når ein veit at folkemengda i Schleswig-Holstein hadde auka med 73% frå 1939. Innbyggjartalet i denne landsdelen var 2.6 millionar, og av dei var 1.2 millionar flyktningar. Ein stor del av desse flyktningane var såkalla Displaced Persons, eller D.P. som dei til vanleg vart kalla. Mange av dei var polakkar eller jugoslavar. Desse folka vart samla i store leirar, der dei skulle vere til dei fekk reise tilbake til heimlandet, eller få utvandre til andre land. Synet av D.P.-leirar møtte vi over alt i Tyskland. Husa som desse menneska levde i, tala i grunnen for seg sjølv. Det var ofte ikkje til å tru at folk kunne halde ut med å leve under slike forhold. Som oftast var flyktningane samla i store leirar, der dei budde i bølgjeblekkhus eller brakker.


Inspeksjon av permittentar som reiser heim på 10-dagars permisjon. (Ola Nyhagen).


Det å finne tak over hovudet for desse flyktningane var i seg sjølv eit problem. Men det var og eit stort problem for dei å finne seg arbeid. Arbeidsløysa var dobbelt så høg i Schleswig-Holstein som gjennomsnittet i heile Vest-Tyskland. Det vil seie at kvar fjerde arbeidsmann eller kvinne gjekk utan arbeid. Dertil var denne landsdelen den fattigaste av dei vesttyske forbundsstatane. Viktigaste grunnane til det var at landsdelen var overfylt av flyktningar, at ein stor del av dei arbeidsføre var utan arbeid og fekk utbetalt stønad, og at skipsindustrien, som hadde vore ryggrada i næringslivet, låg nede.
Sidan ein stor del av dei tyske mannfolka var med i den tyske krigsmakta, var ein stor prosent av dei som kom frå det med livet, vorte invalidar. Når vi spaserte gjennom gatene i byen, var det ikkje så sjeldan å sjå menn som mangla ei hand eller ein fot. Og det hende vi såg dei som ikkje hadde føter i det heile. Dei kunne sitja på fortauet og spela på eit aller anna instrument, i von om å få nokre slantar i hatten dei hadde framføre seg.
Byen Schleswig var ikkje noko øydelagd av krigen, men Kiel, derimot, som var eit av hovudseta for den tyske marinen, var sterkt skadd etter allierte bombeåtak. Hamburg, ein av dei største hamnebyane i Europa, hadde også tydelege merke etter krigshandlingane. Der kunne vi sjå store, opne plassar der heile kvartal var lagde i grus. Plassane var no rydda og stod som digre parkeringsplassar. Sume stader var det tilkøyrt ein del utrangerte jernbanevogner som var reserverte for flyktningar.
Det som vi til denne tid hadde fått høve til å sjå, utanom vår eigen garnisonsby, var ved dei forskjellige omvisingsturane vi hadde om sundagane. Vi hadde ikkje høve til å søkje permisjon lenger enn til kl. 23,59, men vi hadde rett på ein 10 dagars permisjon, og desse dagane måtte vi ta samanhengande. Sidan vi seinare på vinteren skulle reisa på manøver til ymse stader rundt om i Tyskland og på denne måten få høve til å sjå mykje av landet, såg eg det som mest fornuftig å bruka desse 10 dagane til å sjå forhold utanfor Tyskland. Eg bestemte meg difor til å ta ein organisert tur som gjekk gjennom Sveits, Italia og tilbake gjennom Austerrike til den amerikanske sona i Tyskland. Det vart ein gledeleg og opplevingsrik tur.



Takk for 10 fine dagar på Hotell Bachbauer, Bad Hofgastein i Østerrike. (Svein Skårheim, Brig. ko.)