Nokre minne og opplevingar frå brigade 511

Av Olav Hole, II Bn

Eg skulle med rett ha vore med i brigade 501, men fekk utsetjing eit år på grunn av skulegang, så eg tenestgjorde i brigade 511. Alle jamaldringane mine var inn i brigade 501, så då eg møtte på Ulven til rekruttskule, kom eg ilag med berre ukjende. Men det var nok fleire enn eg som kjende seg litt forkomne. Første dagen fekk me utlevert utstyr og vart plasserte på eit 16-manns rom med etasjekøyar. Og i ein av dei øvste køyane låg ein sunnfjording og mediterte. Ein eller annan ymta frampå om at han seier ikkje mykje den karen oppi der. Om litt kom det stilt: ”Nei, kva ska ein no seie?”

Utanfor Hegra leir. (Bernt Veka, Feltartilleriet)


Ein kveld me hadde våpenpuss, skulle me også skrua frå ein annan sluttstykket i geværet, noko me til vanleg ikkje gjorde. Då me fekk instruksjon om dette, fekk me uttrykkeleg beskjed om å passa godt på ei lita fjør som lett kunne spretta ut. Me budde på eit 16-manns rom, og ein kar som hadde køyen sin heilt inst i romet, var så uheldig å missa fjøra si. Og då inspeksjonen gjekk, måtte stakkaren berre vedgå at han hadde mist fjøra.
Me hadde hatt noko opplæring i avstandsbedøming og målangjeving, og då karen skulle gjera greie for fjøra si, stod han i stram ”giv akt”, peika mot døra og sa: ”Ho for i retning så.” Troppssjefen måtte dra litt på smilebandet, men sa at han fekk ta ei målangjeving, og gav han samstundes ein frist til å finna att fjøra.
Ein sogning som losjerte borte ved døra, påstod at han hadde funne fjøra. Men vilkåret for å få henne att, var at eigarmannen kledde seg naken, marsjerte over golvet, gjorde honnør og melde seg med nummer og namn. Guten ville gjerne ha att fjøra, og gjorde som han hadde fått ordre om, og marsjerte fram i underbuksa. Men det vart ikkje godteke. Han måtte fint gå tilbake og kle seg naken. Han hadde ikkje anna val, stakkar, så med taktfaste steg og splitter naken marsjerte han fram på nytt og stod i stram givakt. No fekk han fjøra si og var hoppande glad.

Så kom me til Tyskland og vart stasjonerte i Husum. Ein av dei første dagane vart me synte omkring i leiren, med troppssjefen som guide. Han synte oss badebassenget og fortalde om ein soldat frå ein tidlegare bataljon som hadde vore på byen og rangla og som ville ta seg ein dukkert før han gjekk til køys, då han kom attende til leiren. Han kleiv opp på stupebrettet og stupte uti. Dessverre var bassenget tomt, så det enda ikkje så bra. Og moralen var: ”Gå ikke hen og gjør likedan.”
Eg tenestgjorde først i Kp. C, eit av geværkompania. Då eg hadde vore der i to-tre månader, hende det noko: Ein dag me var ute og hadde feltøving, kom kompanisjefen, kaptein Skjelde, og nestkommanderande i bataljonen, major Frøyli, ut i felten og henta meg med Jeep. Dei sa ingen ting om kva det galdt, så eg byrja å tenkja etter kva gale det var eg skulle stå til rettes for. Og ikkje fekk eg vita noko før me kom inn på kontoret til majoren. Det synte seg då at dei mangla ein mann i E-laget i stabskompaniet, og at det var Kp. C sin tur til å avgje ein mann. Eg hadde tidlegare vore inne på kontoret til kapteinen i samband med at eg ville søkja på skulear til hausten, og då vart det snakk om kva utdanning eg hadde. Det var truleg grunnen til at eg vart utplukka. Eg sa ja til tilbodet, og så flytte eg over til stabskompaniet.
Tenesta i E-laget var i grunnen svært interessant, og særleg når me var ute på manøver. E-laget var samansett av 6 meinige, ein sersjant og ein løytnant, som var sjef. Me var oppsette med ein 3/4 tonnar og eige kontortelt. Når me var på manøver, var teltet plassert i bataljonskommandoen ved sida av bataljonsteltet. Oppgåva vår var å teikna inn krigssituasjonen på kartet til kvar tid, med hemmelege teikn og kodar, så det var vel få som hadde betre oversyn over det som gjekk føre seg enn me hadde. Me hadde telefon- og radiosamband med personell som var lenger framme i frontlinja, slik at me var oppdaterte til kvar tid.
Når så mange frå ymse distrikt og me ulik bakgrunn møtest, vert det ei nokså brokut forsamling. All kommando gjekk føre seg på bokmål, og det var ikkje alltid så greitt for befal som kom frå landsbygda å leggja om målet. Ein sersjant frå Sunnfjord hadde sine problem med dette. Når me hadde matoppstilling om kveldane, kom gutane ofte slengjande ein og ein, så det gjekk lang tid før alle va oppstilte. Dette skulle han refsa oss for ein dag: ”Når dere steller til spisematoppstelling, så skal dere ikke stelle for tidlig og ikke for sent, men akkurat presis – helst litt før.”


Denne lastebilen heldt på å velta av jernbanevogna under opplasting til manøver. (Bernt Veka, Feltartilleriet)


Vedkomande var også oppsett med jeep og eigen sjåfør. Av og til var han ute og køyrde uløyves. Under ein manøver var han ute og køyrde, og litt uforvarande møtte dei majoren. ”Hva gjør du her?” spurde majoren. Sersjanten reiste seg opp i jeepen og helsa til lua: ”Sersjant - - - - - - -,” sa han. ”Ja, jeg ser det for fan,” sa majoren, ”se og kom deg vekk!” Men neste dag var sersjanten atter ute på ulovleg tokt. Dei møtte på nytt majoren, men såg han tidsnok til at dei rakk å stikka av. ”Der kommer majåren,” sa sersjanten, ”kjør inn i skogen!”
Når me hadde bataljonsoppstilling, var det som regel major Frøyli som hadde kommandoen. Han hadde ei svært kraftig røyst, og kunne skremma livet av kven som helst. Han var svært grei mot dei meinige og hadde omsut for dei. Derimot likte han godt å pirka etter befalet. Ein løytnant frå Bergen var adjutant i bataljonen. På ein manøver hadde me bataljonskommandoen i eit tomt fjøs på eit gardsbruk nær ein liten by som heitte Engelbostel. Adjutanten hadde funne eit eller anna som han hadde festa på nasa, stilte seg opp framføre majoren og spurde: ”Tror ’kje du dette kan skremme fienden?” ”Å jo,” svara majoren, ”du kan jo skremme hvem som helst, du, med det trynet ditt.”
Ein annan gong var manøveren nett avblåst, og me fekk ordre om å pakka i hop. Me i E-laget hadde rive teltet og fått alt utstyret opp i bilen. Majoren låg på bakken og lovpriste tilværet og var glad for at manøveren var over. Bataljonsteltet stod framleis. Så kom han på at han sakna adjutanten. ”Hvor er adjutanten?” spurde han. ”Han ligg inni teltet og søv,” var det einkvan som sa. ”Riv ned teltet,” sa majoren, og så vart gjort. Då byrja det å leda seg under teltduken, og etter ei stund fann adjutanten opning og kom seg ut. Majoren hadde det tydelegvis moro, til liks med oss andre.
Majoren hadde òg jeep, og det var ein som heitte Nese frå Eksingedalen som var sjåføren hans. Majoren var veldig vyrk for sjåføren, og når majoren var ute i felten på inspeksjon, fekk Nese beskjed om å leggja seg og kvila bort under eit tre eller kvar det måtte vera. Når majoren skulle dra att, så ropa han så det runga i skogen: ”Nese!” ”Ja,” svara det spakt, og så drog dei vidare.
Ein dag vart eg kalla inn på kontoret til majoren og fekk i oppdrag å webba effektane hans. Eg gjorde meg ekstra flid, og arbeidet vart visst godteke. Men han heldt eit langt innlegg til meg om kor gape og bortkasta det var med den webbinga. Det hadde vore mykje likare og brukt pengane til å byggja brakker heime i Noreg, meinte han.
Då eg var i Kp.C, budde me på eit 10-manns rom med enkeltkøyar i tredje etasje på kaserna. Ein kveld hadde rosignalet gått og alle var komne til køys. Vakthavande kom som vanleg og såg etter at alt var i orden. Men då han var gått og komen litt på avstand, spratt ein sogning opp av senga, opna glaset og fyrde av eit skarpt skot ut i området. Vakthavande kom snøgt tilbake, kveikte ljoset spurde morskt om det var nokon her som hadde skote. Men her var alt stilt og alle låg og sov, så det vart ikkje noko meir av det.