Gjennom nepeåkeren i tanks

Kåre J. Kyte, II Bn.

På den store brigademanøveren var vi saman med amerikanarar, britar, franskmenn og danskar. Kor mange tusen mann som var med på denne manøveren, veit eg ikkje, men det var svært mange. Det var mange ting vi syntest var fælt, den gongen. Eg var i infanteriet. Ein gong skulle vi følgje ei avdeling tanks, vi sat ti mann på kvar tank, og kom køyrande etter kvarandre på ein bygdeveg. Brått vart det kommandert ”Holdt!”, og så skulle vi ta til høgre, med om lag 10 meters avstand. Vi køyrde rett gjennom ein nepeåker, så nepespruten stod høgt. Det såg ikkje ut etter oss, det syntest eg var forferdeleg, den gongen. Manøveren varde lenge, men vi hadde det nokolunde fredeleg mykje av tida. Vi slo leir i hagane til folk, det var ein masse plommer der og vi fylte patrontaskene med plommer så vi hadde heile tida.
Då vi gjekk til marsjmerket, gjekk vi med gevær og pakning. I Husum-området var det heilt flatt. Marsjmerket greidde eg fint, og kom inn i god tid. Men då eg skulle opp att i kaserna, gjekk det ikkje så bra. Eg hadde stått litt ute etter at eg var ferdig, og då klarte eg ikkje stiga opp eitt trinn, føtene låste seg heilt. Eg stod og prøvde litt, men så fann eg ut at eg laut snu meg og gå baklengs, og då kom eg meg opp.