Eit par episodar

Otto Berg, Feltartilleriet

På ein av dei store manøvrane hadde vi oppstile ein masse bilar i eit svært garasjebygg, bygget var nesten 300 m. langt. Ein av sjåførane meinte han var godt kompetent til å køyra motorsykkel, og fekk låna ein sykkel. Han starta, men kom så i den situasjonen at han ikkje greidde å stoppa sykkelen. Han køyrde til endes i garasjen og hamna i stor stabel med bildekk, til stor jubel for oss som såg på og i grunnen unte han ein slik nasestyvar. Han var ein type som gav uttrykk for at kunne greia seg i alle situasjonar, men denne situasjonen greidde han i alle fall ikkje.
På ein manøver hadde me slått oss til i ein bakgard på ein større gard, og der fann vi oss godt til rette. Dei som åtte garden let oss gå inn i bygningane og sjå på dyra. Vi låg der i tre dagar, men vi klarde ikkje å gje god nok melding om kvar vi hadde plassert oss, så vi låg der utan å få mat. Vi livnærde oss då ved å luske rundt i hagen om kveldane og fann litt gulrøter og eple som me sette til livs. Det vart bulder i dei fleste magane etter kvart.


Tre av offiserane under planleggingsfasen under ein manøver.
(Otto Berg, Feltartilleriet)


Ein liten pause i treninga. (Otto Berg, Feltartilleriet)


Ein gong me var på manøver og truleg hadde for lite å gjera, fekk me ordre om å ha ”puss”. Me måtte pakka opp og stilla ut alle kleda våre, til kontroll. (Kåre J. Kyte, II Bn.)