Koreakrigen forlenga brigadetida

Av Arnold Takvam, Transportkompaniet

Transportkompaniet våre kantar i kompaniet, dei fleste var frå indre austlandet og trøndelagsfylka. I leiren var og eit kompani frå 3. infanteribataljon, og ein sanitetstropp. Leiren var etter våre forhold stor, med store mursteinsbygningar. Vi var forlagde på store rom, opptil 20 personar på rommet. Sengene hadde gode madrasser, så det var ein stor overgang frå Sør-Gardermoen med små og kalde rom, etasjesenger og halmmadrasser.
Transportkompaniet hadde som oppgåve å bistå brigaden med transportoppdrag som dei andre einingane ikkje makta sjølv. For å få lov til å køyre militærbil, måtte ein i tillegg til norsk sertifikat, ha eit tilleggssertifikat etter britisk opplegg. Prøvene til desse sertifikata vart gjennomførde av norsk personell, og omfatta både munnleg og praktisk prøve. Det var viktig å halda bilparken i tipp topp stand til ei kvar tid. Dette krov dagleg tilsyn, utbetring og reinhald av køyretøya. Det var ofte inspeksjon av kvar bil, og det var ros å få for velstelte bilar. Dei som prøvde seg med slurv måtte gjere alt opp att, og forevisa sin bil for ny – og ofte strengare – kontroll. I tillegg til vedlikehald av transportmidlane var det dagleg eksersis, og kompaniet deltok og i vakthaldet av leiren.
Kompaniet deltok i større manøvrar der fleire land sine troppar var med. Manøvrane vart haldne lenger sør, ved Sennelager i Harz-området. Forflytninga dit føregjekk med bilar i lange kolonnar. Sambandet i kolonna vart formidla ved hjelp av motorsykkelordonnansar. Reisa føregjekk også om natta, og det var ikkjheilt ufarleg for ordonnansepersonellet. Turen var lang, og det hende at ordonnansar sovna på sykkelen under reisa og nokre pådrog seg skadar.
Ein del arbeidsoppgåver i leiren vart utførde av tyske sivilarbeidarar. Det var ein viss avstand mellom desse arbeidarane og det norske personalet. Likevel kom ein ofte i kontakt med sivilarbeidarane. Dei hadde ansvaret for kantinedrifta, der det lett vart kontakt. Likeeins var ein del av helsetenesta utøvd av tyskarar. Mange av sivilarbeidarane var knytte til verkstaddelen i leiren. Dei gjorde ein god jobb.
Kompaniet hadde nokre særoppdrag, mellom anna transporterte dei ein soldat som vart skoten under ein manøver. Båra, med feltprest og 6 æresvakter, vart transportert i lastebil med presenning til København, og derifrå frakta med båt til Oslo.
På fritida var det ikkje så mykje som var tilrettelagt for det militære personellet. I byen Rendsburg vart det arrangert dansekveldar der norske soldatar kunne gå. Dette velferdstiltaket vart ikkje nytta av så mange. Vi hadde ein langperm på ca. 10 dagar. Nokre reiste heim til Norge, men dei fleste nytta høvet til reiser i Sør- og Mellom-Europa. Velferdsoffiseren hjelpte til med reiseopplegg.
Leiren vår hadde ein flykningeleir som næraste nabo. Dei fleste flyktningane kom frå Aust-Europa. Her var det mykje arbeidsløyse mellom dei vaksne. Dei hadde lite av mat og klær, og mange born leid og hadde det vondt. Ofte fekk desse borna godteri av dei norske soldatane, og som takk vart dei kalla ”onkel”.