Draumen som redda livet mitt!

Av Mathias Kalsvik, Feltartilleriet

Brig. 502 hadde brigademanøver i Munster dagane 5.-11. desember 1950. AR, som eg tenestegjorde ved, reiste frå Flensburg den 4. om morgonen og kom fram til Munster i mørkret ut på kvelden. Vel framme slo vi leir i nærleiken av feltkjøkkenet, som var kome på plass kvelden før. Etter at vi hadde fått i oss litt varm mat frå dette feltkjøkkenet – så vidt eg minnest var det betasuppe og det smakte svært så godt etter ein lang og trøyttande dag under transport – gjekk vi til ro i 6-manns teltet vårt. Det venta oss ein travel neste dag med utlegging av sambandsliner.
Fram på morgonsida hadde eg ein underleg og lite hyggeleg draum: Eg såg ei eldre nabokone i heimbygda mi som sat heime i si eiga stove og batt på ein krans. Så ville det seg slik at ei anna kone frå nabolaget kom på besøk til kona. Då ho såg kva den andre hadde føre seg, kom det:”Du bitt på krans, du?” ”Ja, eg gjer nok det. Eg var inne i marka og fann meg noko grøn og fin lyng med blomar i. For sjølv om eg ikkje har råd til og pengar til å kjøpe krans for, så skal i alle fall han Mathias ha ein frå meg!” Og for å gjere draumen endå meir verkeleg for meg, kom det fram ei kiste i stova.
Straks etter vakna eg av denne fæle draumen og følte ei sterk uro i kroppen, og det var vel naturleg etter ein så lite hyggeleg draum. Eg sto difor opp og gjekk ut av teltet. Klokka var om lag 05.30. Det var blitt kaldt, og hadde lagt ned litt snø i løpet av natta.
Etter som kokkane på feltkjøkkenet alt var i gang med dagens ”meny”, tok eg retning dit og trefte på ein svært så hyggeleg kokk. ”Nei, no treng du ein god, varm kopp kaffi, Kalsvik, og litt å bite i!” sa han til meg, og eg takka sjølvsagt ja til det. Det var nett det eg trong etter den vonde draumen. Det varma godt i ein hustren skrott, både kaffien og mottakinga eg fekk.
Eg nemnde ikkje med eit ord noko om den vonde draumen, for nå følte eg meg etter kvart i rimeleg god form. Eg gjekk så tilbake til teltet eg hadde sove i om natta, og fekk sjå kva som hadde skjedd medan eg var bortom feltkjøkkenet og kva for ein lagnad eg var berga frå!
Medan eg var oppe i leiren og fekk i meg den nemnde kaffitåren, hadde ein stor lastebil vore på veg opp til feltkjøkkenet med proviant. No viste det seg at vi i mørkret kvelden før hadde sett teltet vårt nær opptil den oppmerka transportvegen. I tillegg var det ein skråning ned mot teltet vårt. I nysnøen og på det glatte underlaget hadde bilen fått ein skrens og glidd ut av køyrebana, med det resultat at han hadde køyrt over det eine hjørnet av teltet, - det som vende mot køyrebana, nett der eg hadde lege kort tid før.
No skjøna eg kva draumen min skulle tyde og kunne prise meg lukkeleg for at eg hadde vakna av draumen og stått opp i tide. Dei andre i teltet hadde heldigvis ikkje vorte skada, men var sjølvsagt sterkt skaka over kor nær dei hadde vore ei skikkeleg ulukke. Og undra seg også over kvar det hadde vcrte av meg.
Den einaste tydelege skaden som blei påvist etter uhellet, var eit gevær som hadde lege ved sida av meg. Nå var det bøygt mest i vinkel og kunne berre skrivast på tapslista.
Eg fortalde ikkje noko om draumen til nokon av kameratane eg var saman med. Eg berre skulda på at det var kulden som gjorde at eg vart frostig og måtte kome meg opp så tidleg. Eg låg jo ute mot sida av teltet, der det til vanleg er kaldast, så det fann dei å vere ei rimeleg forklaring . . .
Men eg fortalde seinare nabokona mi om draumen, og at draumen hadde redda livet mitt denne morgonstunda nær Munster. Ho tykte det måtte ha vore ei underleg og fælsleg oppleving, og det var det sjølvsagt. Men lagnaden er uransakeleg, og eg kan jo berre vere glad for at det gjekk så godt.



Framføre vakta i Flensburg. I midten Toft, til høgre Kalsvik.
(Mathias Kalsvik, Feltartilleriet.)



Fra haustmanøveren i Sennelager. (Mathias Kalsvik, Feltartilleriet.)


Sambandstroppen på øving i Münsterlager oktober 1950. (Mathias Kalsvik, Feltartilleriet.)