Endelause rekkjer av soldatgraver

Av Arne Spilde, Feltartilleriet

Soldatgraver etter krigen. (Arne Spilde)


Frå Hamburg, våren 1950. (Arne Spilde)


I lag med 10 til 15 andre her frå bygdi på same alder vart eg utskriven til feltartilleriet. Frå fyrste dagane av november 1949 var me på rekruttskule i Fredrikstad (Gamlebyen). Det var ein gamal garnisonsby. Sivile og militære hus låg om einannan. Den gongi var det ikkje bru over Glomma mellom austsida (Gamlebyen) og vestsida (Nyebyen). To ferjer gjekk att og fram der.
Til Tyskland reiste me i fyrstningi av februar 1950. Hovudleiren til artilleriet var like oppe ved den tysk-danske grensa. Ikkje langt frå leiren vår var det ein flyktningeleir. Mange ungar derifrå for utanfor leirporten og bomma oss for godteri. Dei fyrste ordi eg lærde på tysk var ”Norweger has Kaugummi”.
Etter at me hadde vore der ei tid og lært korleis me skulle oppføra oss, fekk me helgepermar. Me var då fleire gonger til Hamburg, der me budde på eit britisk permsenter. Då me fekk sjå kor bomba og øydelagd Hamburg var, forstod me at me hadde sloppe lett frå krigen heime, sjølv om Vangen var bomba og nedbrend. Mesteparten av gatene i Hamburg var rydda så det var framkomande, men jamen var det mange stader det var slik at du ikkje kunne gå der.
Seinare, då me kom lenger nedover i Tyskland på manøvrar, fekk me sjå dei nærsagt endelause rekkjene med kvite krossar på gravplassane etter krigen. Her hadde det falle tusenvis av unge gutar berre nokre år eldre enn me var sjølve. Dei hadde måtta lata livet før dei var skikkeleg byrja på det. Me var vel fleire som gjorde oss tankar om kva elende galne politikarar kan stella til.
På eit par manøvrar var det med britiske styrkar. Dei skulle angripa oss, og jamen fekk me oss ein skrekk i livet når dei sette inn tanks. Særleg for oss som skulle byggja telefonliner var det bale når dei fekk linene inn i belti og for med dei.
På dei manøvrane der det vart brukt tanks vart me sterkt åtvara mot å leggja oss på bakken og sova, eller å slå opp telt. Ein britisk instruktør fortalde mange skrekkhistorier om kor det gjekk med dei som vart overkøyrde av tanks. Då øvingi var over, la me oss likevel der det fall seg og berre sov.
Det vart lagt mykje arbeid i at me skulle læra å kamuflera både utstyr og oss sjølve. Fyrst og fremst var det om å gjera at ikkje flyi skulle finna oss.
Før krigen hadde tyskarane brukt ein svart belegningsstein til dekke på mange vegar. Når det regna, vart desse vegane glatte og sleipe, og det var vanskeleg å køyra på dei. Sjåføren på ein av bilane våre miste kontrollen over bilen ein slik dag. Bilen køyrde på eit aletre og gjekk baklengs rundt. Bak på lasteplanet var det fleire soldatar, som alle vart meir og mindre skadde. Prestegard frå Røldal vart drepen. Ein Bareksten, eg meiner han var frå Florø, miste eine foten. Mange år seinare såg eg i eit blad at han hadde fått ein erstatning av Stortinget.
No var det ikkje berre tenste og arbeid støtt. Viss me ikkje fekk helgeperm, laga me fest på romet av og til og underheldt oss sjølve.
Då tenesta i Tyskland var slutt, hadde me opplevt ting som me no, mest 50 år seinare, enno kjem i hug.


Fritidssyssler. (Arne Spilde)

Det var mangt me kunne koma borti, ikkje alt var tillete, og då gjekk det gjerne slik som med denne kompisen her. (Arne Spilde)


Om bord på ”Svalbard” på veg heim etter tenesta i Tyskland.
(Arne Spilde)