Nestenulukke på elva

Gunnvald Torsnes, St. kp.

Vi bygde også ferjer, det var to pontongar med ei bru oppå. I tillegg til dekket var det avkøyringsrampar, og dei kunne ein leggje ned på bakken slik at bilane kunne køyre inn på ferja. Når vi hadde fått bilen inn på ferja, heva vi innkøyringsrampane.
Så skulle vi prøve dette nye systemet; vanlegvis vart det brukt ein vaier til å dra ferja over, men vi skulle padle ferja over i staden for å bruke vaier. Då vi var komne om lag halvvegs over elva, vart straumen så sterk at vi greidde ikkje å padla ferja over, men rak med straumen. Lenger nede gjekk det ein vaier tvers over elva, og uheldigvis tok ferjelemmane oppi vaierane. Ferja heldt på og skulle kvelva, men nokre fekk klatra opp og løyst oss frå vaierane. Det var på hekta at ikkje folk vart drepne, men det gjekk heldigvis bra.


Her skal tretonnaren utpå, broa tolde det og, så ho var godt bygd. (Gunnvald Torsnes, II Bn.)