Moldvarp under teltet

Av Lars Fjose, II bn.

I april 1950 låg Pionerroppane frå alle dei tre bataljonane i teltleir ved ”rottefangar”-byen Hameln ved elva Weser og skulle få opplæring i å byggja bruer og ferjer. Teltleiren låg i ein svakt skrånande jordbakke, og når det var regnver vart stiane i leiren reine slamstriper. Så tidleg på våren hende det også at vi om morgonen vakna opp til snødekte bakkar.
Ein dag Anders Befring og eg var i teltet høyrde vi noko som rasla og grov i bakken inne i teltet. Vi fekk flytte madrassene og grave halmen tilside, og då såg vi at det var noko som grov seg tvers over teltet nede i torva, og som heldt god fart. Det var ikkje lang stunda å tenkja seg om. Så Befring treiv ein støvel og slo til for full kraft, og då vart det stillt. Då vi grov oss ned, fann vi eit dyr litt større enn ei rotte, med ein nydeleg, kort gråblå pels. Dyret vart beundra av dei andre i teltlaget, og deretter i all stille flytta over i eit telt frå ein av dei andre bataljonane. Sidan gjekk det visst på rundgang frå telt til telt.

Det var ein stor overgang frå dårlege brakker på Madlamoen og Hvalsmoen til dei store murkasernene i Husum, som for oss var nesten luksusprega, med både bad, vaskerom og wc. (Lars Fjose, II bn.)


Teltleiren vår ved Hameln. (Lars Fjose, II bn.)