Ein vinter i ei ny og framand verd
Av Aslak Helleve, Sanitetskompaniet
Tyskland møtte oss med eit overhendig torever den augustkvelden i 1949 då me gjekk i land. Tora skrall, og lynblinka lyste opp kaien i Flensburg, der me stod oppstilte og venta. Så kleiv me inn i dei svære overdekte lastebilane og vart frakta til Rendsburg, som skulle vera kvarteret vårt det neste halvåret.
Garnisonen vår låg i utkanten av Rendsburg. Fem store murbygningar i tre fulle høgder, dessutan nokre mindre kring ein idrettsplass, det såg svært ut for oss som var vane med brakkene på Lahaugmoen og på Helgelandsmoen. Ein av kapteinane sa det også: Som de ser, er det ikkje nett nokon husmannsplass me er komne til! I ein krins utanfor kasernene låg garasjane.
På eine sida av leiren vår låg ein stor leir for flyktningar, såkalla displaced persons som var tvangsflytte frå land i aust. På andre sida gjekk jernbanen.
Landskapet i Schleswig-Holstein er heilt flatt, utan fjell i horisonten som me kunne kvila augo på. Ut over hausten og vinteren var det elles mykje gråver og skodde.

Fra turen med Svalbard sørover i Oslofjorden. Store forventninger!
(Ragnvald Vorland, Ing. kp.)
Rendsburg
Rendsburg var, og er, ein liten by etter tysk målestokk, og ein by ikkje som vart øydelagd av krigen. I sume strok av byen stod det framleis gamle hus i bindingsverk langs etter tronge og krokete gater, medan andre område hadde meir moderne preg.
Byen ligg ved den historiske hovudvegen frå Danmark til kontintet, hærvejen eller studevejen som danskane sa, det siste namnet fekk vegen på grunn av flokkane med oksar som i eldre tid vart drivne etter denne vegen frå Danmark til slakteria i Hamburg. Eit anna namn var kongevegen, og det var truleg grunnen til at britane kalla garnisonen vår, som låg tett ved vegen, for Kingsway Barracks.
Både hovudvegen og jernbanen kryssar Kielerkanalen ved Rendsburg, vegen på ei svingebru og jernbanen på ei høgbru. Sidan landskapet er så flatt, hadde dei måtta bygt lange vollar for å koma høgt nok med jernbanebrua til at båtane kunne gå uhindra under. På vegen måtte all trafikk stansa når vegbrua skulle svingast til side så båtane slapp forbi. Det vart fortalt at ein norsk motorsykkelordonnans ein gong tvinga bruvaktene til å lata brua liggja og båten venta til den norske bilkolonnen var komen forbi. Etter den episoden kom det brev frå den britiske overkommandoen i Hamburg om at slikt ikkje måtte henda fleire gonger.

Oppstilling på idrottsplassen mellom kasernene i leiren i Rendsburg.
Hovudporten til høgre. (Aslak Helleve, San.kp.)
Livet i leiren
Leiren var delt mellom tre ulike avdelingar i brigaden: Oppklaringseskadronen, transportkompaniet og sanitetskompaniet, der eg høyrde til. Heime i fedrelandet hadde heile kompaniet gått gjennom vanleg rekruttskule på Lahaugmoen, med opplæring i sanitetsarbeid. Etter rekruttskulen vart kompaniet delt i tre sjukeberartroppar, ein transporttropp, ein hygienetropp og stabstropp. Transporttroppen vart send på kurs på Hærens bilskole på Helgelandsmoen, for det var berre nokre få av soldatane som hadde førarkort frå før. Tenesta i Tyskland vart ei vidareføring av det me hadde drive med heime. Sjukeberartroppane øvde på fyrstehjelp og transport av sjuke og såra, hygienetroppen såg etter dei hygieniske tilhøva i leirane og under manøvrar, og me som var i transporttroppen hadde ambulansevakter i eigen leir og i andre leirar og dreiv vedlikehaldsarbeid på materiellet.
Vakttenesta i leiren gjekk på omgang mellom dei tre avdelingane som var stasjonerte der. I hovudporten skulle det vera to mann, ein til å kontrollera trafikken inn og ut av leiren, og ein honnørpost, som skulle presentere gevær for offiserar som passerte. Me som var i transporttroppen hadde maskinpistolar, sjukeberartroppane var oppsette utan våpen, og av ein eller annan merkeleg grunn var det berre kokkane som hadde fått utlevert gevær i heile kompaniet. Det førde med seg at når sanitetskompaniet hadde vakttenesta, måtte kokke-geværa gå på omgang, og etter ein slik tørn på nokre veker, vart det ein del pussing før dei vart blanke att.
No, så lenge etterpå, kan vel sume av oss tilstå at me ikkje var så høge i hatten dei fyrste nettene me skulle ha vakt kring leiren. Sjølv fekk eg den fyrste vaktnatta ansvaret for området mot flykningeleiren, der det var fleire underjordiske ammunisjonslager. I fylgje instruksen skulle me kontrollera låsane på ammunisjonslagra kvar halvtime. Det var kolande mørkt i gangane ned mot dørene til lagra, og såpass hjartebank hadde me nok fleire av oss, at med skarpladde våpen kunne det lett gått gale om det hadde vore folk i gangane. Det hende av og til at vaktpostane løyste skot om natta, anten dei no hadde sett noko mystisk, eller ikkje. Ein morgon i grålysinga høyrde me ei svær ramling inne i skodda og førebudde oss på motåtak. Me vart både letta og litt flaue då fienden synte seg å vera ein bonde som kom køyrande med ei svær vogn og skulle ut og mjølka kyrne sine som gjekk på beite ved leiren.
Me fekk oppgåver i Tyskland som me knapt nok var kvalifiserte for. Det galdt mellom anna dei mange av oss som etter sjåførkurs på Helgelandsmoen vart sette til å køyra 3-tonns lastebilar og ambulansebilar i Tyskland. På ein del vegar var det lagt eit syntetisk dekke som engelskmennen kalla black cobbles, og som hadde den eigenskapen at det vart nokså sleipt i regnver. Frå ambulansevakt i Neumünster hadde eg ein tur på ein slik veg for å henta to soldatar etter ei trafikkulukke, og at det gjekk godt m

Vaskesetel for innlevert tøy .
å vera ei stadfesting av ordtaket som seier at lukka er betre enn vitet.
Leirtenesta var mykje enklare for oss i Tyskland enn på moen heime. Det var stor arbeidsløyse i området, serleg mellom flyktningane, difor hadde svært mange fått arbeid i leiren, på kontora, på kjøkkenet eller som reinhaldarar. I kaserna vår arbeidde det ein tyskar i kvar høgd, og einaste oppgåva deira var å halda det reint på gangen og på badet og toaletta. Det vart sagt at det arbeidde ein tyskar for kvar to soldatar som var i leiren. Kva dei hadde i løn for arbeidet veit eg ikkje, det var nok ikkje så rart, men dei fleste skøytte vel på med litt tuskhandel. Litt naska dei vel også med seg, serleg matvarer, som det var svært knapt om på den tida. Den daglege kontrollen i porten var ikkje så streng, men ein gong folk frå S-laget i brigaden kontrollerte, såg me dei plukka fram brødskiver og anna småtteri frå veskene til dei tilsette.
Kledevasken var det eit tysk vaskeri som tok seg av. Me leverte inn skjorter, sokkar, handklede o.s.v. og fekk henta att dei same plagga reine i veka etter. Det var sikkert ikkje lett å halda styr på alle plagga, men eg kan ikkje hugsa at det nokon gong gjekk feil. Passforma på uniformene var det så ymse med då me reiste nedover. I leiren var det tyske skreddarar som fekk skikk på battleblusane, som var kanadiske, etter det som vart fortalt. Blusane hadde mange folder i ryggen, og det var ikkje lett å få det til når dette skulle ha skarpe pressar. Det vart enklare når skreddarane hadde redusert foldene til to, ei på kvar side. Det var vanskeleg å kommunisera med skreddarane for oss som ikkje kunne
tysk, men det tysk-norske uttrykket zwei folden, det forstod båe partar.

Tjukkebygda og Raundalen har overteke ansvaret i hovudporten.
(Aslak Helleve, San.kp.)
Maten var god, men rasjonane snaue for dei som trong mest. Den norske brigaden var organisert under den britiske okkupasjonsstyrken, og fylgjeleg var det britisk mat me fekk. Mest misnøye var det med at me berre fekk kvitt brød, og den evindelege teen med mjølk i. På Lahaugmoen vart det utanfor matbrakka sett ut 5-6 trestampar med varmt vatn i der me skulle vaska koppane og bestikket vårt etter måltidet. Når 2-300 mann hadde brukt vatnet, skulle ein ikkje tru at me var i ein avdeling som skulle øvast opp i sanitet og hygiene. Utanfor matsalen i leiren i Tyskland var det ei lang flislagd renne, med ei rekkje små dusjkranar med kokheitt vatn til å vaska koppar og bestikk. Det var eit stort framsteg.
Ein gong var det ein liten bismak av olje på lapskausen, men ikkje slik at det gjorde noko. Mange av soldatane nekta likevel å eta, og vart ståande ved døra til matsalen. Eg ser enno for meg den tilårskomne tyske kokken som stod med den svære pannen sin, ferdig til å ausa opp. Kva han tenkte om Olagutane veit eg ikkje, men det ville vera merkeleg om han ikkje kom i hug dei matlause flyktningane utanfor leiren.
Manøver
Livet i leiren vart einsformig, og sume såg fram til manøvrane for å få litt avveksling i det minste. Det var to store manøvrar, som vart haldne lenger sør i Tyskland, i området kring Hannover. Det skulle vera ei øving i å greia seg meir på feltvis, og å kunna flytta avdelingar over litt lengre avstandar. Elles hende det lite for oss som låg i rekkjene lengst bak. Ei større øving gjekk føre seg i eit område ved Soltau, på L¨neburger Heide.. Nokre dagar låg me i telt på Reinsehlen Camp. Det var ei vid slette, snau for skog, der det bles ein sur vind både natt og dag.
Elles hadde me våre eigne små telt som me sette opp i skogane, der me fekk tilvist plass. Mange stader var det sandjord, som var lett å grava i. På kvar ny leirstad måtte me grava latriner, og ofte vernegroper. Det var i grunnen forbode å kveikja opp bål i dei små leirane våre, fienden kunne sjå det, må vita. Men i dei kalde og sure haustkveldane var det svært freistande å laga ein liten brising, i det minste. Ein av karane, som fraus på føtene, la seg på bakken med støvlane tett borttil bålet. Han vart varm på føtene, men då han reiste seg opp og byrja gå, sprakk solane under båe støvlane. Korleis han greidde seg under resten av manøveren, er ikkje kjent.
Matstellet under manøveren var noko for seg. Me hadde to firkanta kokekar som gjekk inn i kvarandre. Om morgonen fekk me utlevert eit brødstykke, ein smørbite og pålegg. Sume dagar var det sirup. Alt måtte me ha i kokekara, og i kokekara tok me mot middagsmaten, som vart køyrd ut til oss om kvelden. Det var sjeldan høve til å vaska kokekara, så dei bar etter kvart merke av det me hadde sett til livs heile veka.
Elles kom kantinevogna dagstøtt rundt til alle avdelingane med det me i dag ville kalla kioskvarer: Kjeks, sjokolade, sigarettar og liknande. Det var populært, så snart vogna synte seg og slo opp handleluka, samla kundane seg som bier kring blomen, i alle fall dei som hadde pengar.
Den store brigademanøveren fekk eg ikkje oppleva, fordi eg var fast kommandert, som det heitte, på transportkontoret til kompaniet og måtte vera att i leiren. Men det var ei større øving, saman med den danske tysklandsbrigaden og britiske avdelingar.

Under manøvrane var det forbode å kveikja bål i skogen om kveldane, men det var så altfor triveleg med ein liten brising. (Aslak Helleve, San.kp.)
Velferdsarbeid og permisjon
Det var lite å ta seg til utanom den dagelege tenesta. Rettare er det vel å seia at me brydde oss for lite med å gjera oss nytte av dei tilboda som fanst. Det var leserom med norske aviser og bøker i leiren, og ymse aktivitetsrom. På kinoen kunne me sjå norske filmar, og ein gong kom Det norske teatret på vitjing med Peer Gynt. Velferdstenesta gav ut ei eiga avis for personellet i brigaden, med orientering om aktuelle spørsmål. Me fekk tilbod om kurs, mellom anna språkkurs ved ein svært allsidig tysk lektor. Han snakka flytande skandinavisk, og underviste i tysk, engelsk, fransk, spansk og esperanto. Me var mange som i stor optimisme melde oss på både det eine og det andre, men fleire og fleire gav opp, og til slutt rann det ut i sanden.
Mange vart sitjande på kantina om kveldane, drakk simpelt tysk øl, skravla og spelte kort. Det var forbode for soldatane å gå på tyske kafear og restaurantar, men eg kan hugsa eit skilt ved porten av ein finare restaurant i utkanten av byen:Tillatt for norske offiserer. Me brydde oss ikkje om det, det vedkom liksom ikkje oss.
For dei som ikkje hadde teneste, gjekk det greitt å få permisjon i helga. Me reiste billegmed jernbanen, og var nokre gonger i Hamburg og Hannover. Mykje av tida gjekk då med til sjølve reisa. Me overnatta på det som vart kalla Transit Camp, med store sovesalar, og der me fekk mat mot kupongar frå vår eiga avdeling. Det var vanskeleg med mangt i det tyske samfunnet på denne tida, og mykje vart stole. Me fekk såleis ikkje utlevert ljospære til sovesalen utan at ein av oss gav frå seg tenesteboka som pant. Båe desse storbyane vart raserte av allierte bombeåtak under krigen, verst såg det ut i Hamburg. Gatene var nok rydda, men kvartal etter kvartal var berre steinrøyser, fire år etter krigen. Ein stad stod ei kyrkje att, mellom ruinane. Kyrkja var open, og eit par stykke av oss gjekk opp i tårnet for å sjå ut over byen. Trappene gjekk rundt dei store kyrkjeklokkene i tårnet, og medan me gjekk oppover, byrja dei å ringja med klokkene. Det var mektige tonar, og ei sterk oppleving.
Tidagars-permisjonen såg me fram til. I troppen vår var det mange som hadde tenkt seg å vera med til Paris, og sparde pengar til det. Men brått kom det melding om at turen var avlyst, med ei eller anna diffus grunngjeving. Det fall harde ord om velferdstenesta på kaserna om kveldane, men det hjelpte lite. I staden vart det København, og det var kanskje like greitt. Me hadde i alle fall hyggjelege dagar der. Sume hadde brukt tida godt og fått god kontakt med danske piger. Ei av dei stod og snufsa og græt ved bussen då me skulle reisa attende til Tyskland. Ein frekk bergensar stakk hovudet ut og ville trøysta henne: Ikkje gråt, du. Det kommer nye i kveld!

Kantinevogna var velkomen når me var ute på manøver.
(Aslak Helleve, San.kp.)
Tuskhandel
Fire år etter at krigen var slutt, var det framleis knapt med varer for vanlege folk i Tyskland. Men visse vareslag fanst, og det som interesserte oss mest, var fotoapparat og klokker. Der slikt var utstilt, stod Ola-gutane og glodde med stive augo. Dagpengane vart utbetalte i engelske kantinepengar og einaste måten me kunne skaffa oss tyske mark på, var svartebørshandel med tyskarane. Fyrst og fremst var det sigarettar som var vår salsvare. Slik tuskhandel var forbode, men inntrykket vårt var at befalet såg gjennom fingrane med det. Det hende såleis ein gong eg hadde gjort eit ærend for sjefen min på kontoret at han ville gje med ei pakke sigarettar. Då eg sa at eg ikkje røykte, spurde han:Men er det ikke noe annet du kan bruke den til? Og det var det nok. Dei fleste soldatane hadde vel med seg eit fotoapparat, ei klokke eller ei skinnveske heimatt.
Ofte kom det tyskarar og stilte ut ymse minneting me kunne kjøpa. Det var namneskilt til å ha på armen, albumar med namn på, biletråmer og meir slikt. Dette var godkjent samhandel, som me betalte med kantinepengar.
Jol
Dei fleste av oss opplevde denne gongen den fyrste jol i eit framant land, som det står i songen. Me førebudde oss til høgtida så godt me kunne, fekk tak i ei lita furebuske til joletre på romet og greidde også å skaffa litt pynt, endå om sunnfjordingen som spurde etter englehaor på ein butikk i byen, ikkje fekk tilslag.
Feltpresten heldt joleandakt i kyrkja. Og etterpå var det festmiddag i matsalen. Det hadde gått rykte om at me skulle få servert kalkun til måltidet. Det vart litt murring då det synte seg å vera berre eit rykte. Då stod ein av lækjarane i kompaniet, eg trur han heitte Magerøy, opp og heldt ein litt uvanleg bordtale. Han nemnde at han hadde halde jol i Tyskland før, som fange i ein konsentrasjonsleir, og fortalde kva dei då hadde hatt til mat jolekvelden. Det vart ikkje meir snakk om kalkunen.
Ein dag i jola vart det halde fest i leiren for borna til tyskarane som arbeidde i leiren. Det var gildt å sjå korleis dei små borna fryda seg over festen og det dei fekk. Men det var ikkje gildt å vera portvakt den dagen og sjå på alle dei små som trykte seg mot gitteret og gjerne ville vore med, dei og.

Den fyrste jol i eit framant land (Aslak Helleve, San.kp.)
Mot vår og heimreis
Nokon retteleg vinter hadde me ikkje hatt, endå om det hadde vore surt og kaldt mange gonger. På nyåret kjende me det gjekk mot ljosare tider, og i februar fekk me så smått vårkjensler. Ikkje berre av sola, men også fordi tida i brigaden gjekk mot slutten. Dei fleste var glade over å ha gjort seg ferdige med militærtenesta, men sume gjekk vidare, med tanke på eit yrke i det militære.
Om det låg mange keisame dagar bak oss, hadde det også vore ei spennande og lærerik tid. Berre nokre få av oss hadde tidlegare vore utanlands, og møtet med det krigsherja Tyskland gav oss mangt å tenkja på. Ei lita hending synte den sosiale skilnaden som framleis var der mellom tyskarane. Me var ute og gjekk ein sundag, hadde sett mange tunne og loslitne menneske, då me møtte fire unge tyskarar, kvinner og menn, med elegante ridebukser og blanke støvlar på nystrigla ridehestar. Det var ein sterk kontrast!
Det var godt å koma heim, men også eit visst sakn etter kameratane, som vart spreidde for alle vindar. Men fyrste påskehelga heime ferierte ein bergensar, ein stril og to vossingar frå sanitetskompaniet i lag på ein støl i Myrkdalen, og mintest halvåret då me var med og okkuperte Tyskland.
|