Eit lærerikt ungdomsår i utlandet

Av Torbjørn Seim, Feltartilleriet
Me var priviligerte me, som fekk eit halvt års utanlandsopphald i ungdomen betalt av det offentlege eller større makter. Det var ikkje alle norske ungggutar som fekk dette tilbodet. Føreåt vona me berre på å verta innkalla til slik teneste. Å få oppleva folk og levekår under andre naturtilhøve hadde før vore ein heilt framand tanke. Men ikkje alle var like glade for at sønene vart sende til Tyskland – så nær etter at storkrigen var slutt. Eg minnest mor og far var litt ottefulle for dette Tysklandsopphaldet mitt. Far spurde seg til råds hjå sin gode kjenning kaptein Martin Mølster. Men der var det lita trøyst å få. Hen meinte eg burde få reisa – noko som og var mitt høgste ynske.
No, 21. februar 1999, er det nett 50 år sidan me marsjerte ut frå Artillerigården i Fredrikstad og ned på Øra der me vart lasta om bord i Peter Wessel kl. 17. om dagen. Fyrst kl. 22.00 om kvelden drog båten. "Peter Wessel var ei ferje, flatbotna og ingen sjøbåt. Der var laga køyeplass åt alle på bildekket. Me hadde det trongt, men eg sov godt. Me vart vekte i 5-tida om morgonen. Då såg me ljosa på danskekysten, og kl. 08.00 la me til lands i Fredrikshavn. Der møtte me Artilleriregimentet som me skulle ned og løysa av. Med fine bussar drog me så nedover det flate Jylland. Maken hadde eg aldri sett før. Det var tidleg vår, kjøleg og litt regn i lufta. I Århus stogga me i ein dansk militærleir og fekk oss mat og varmt drikka. Den varme, gode sjokoladen sit enno i minnet, og utruleg mykje god mat kunne me berre velja mellom. Me fekk oppleva dansk gjestfridom på sitt beste.Det vart litt av ein overgang å koma frå 25 manns rom i Artillerigården til 2 manns rom i Flensburg. Romet her var i 3. høgda i kaserna, og det var vass-klosett og dusj tvert over gangen. Roma var ljose og venlege. Her måtte det vera råd å berga seg i gjennom i 6 månader. Maten var og heilt annleis. No var alt på britisk maner, på godt og vondt. Det var svært godt, det me fekk. Nok var det visst og, men det kjendest ikkje alltid slik. Brødskivene var kvite, og det var rikeleg med marmelade og anna søtt pålegg. Tennene mine for ille under opphaldet i Tyskland og det vart ein heil kostnad å få sett dei i stand etter eg kom heim att.
Romkameraten min var Mons Drange, ein hyggeleg kar frå Os, sør for Bergen. Me høyrde til Olga bataljon som var samansett av batteria (C)ecilie og (D)avid. I kvart batteri var det 4 kanoner. Eg var sambandsmann med radiosendar og skulle syta for at meldingane frå kapteinen til kanonmannskapa om innstilling av kanonene kom rett fram. Me køyrde i ei beltevogn (carrier) med Olav O. Bryn frå Voss til sjåfør. I Olga bataljon var alle vestlendingar – frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Frå Bergen var det og mange. I den andre bataljonen, som også heldt til i Hegra leir, var austlendingane samla.

Olav O. Bryn frå Voss og Teodor Nesheim frå Granvin framfor beltevogna (carrieren) under manøveren ved Münsterlager. Tida fall aldri lang i lag med dei to humørfylte karane. (Torbjørn Seim, Feltartilleriet

Frå skytebanen i Flensburg – med skyttarar på fleire plan. (Torbjørn Seim, Feltartilleriet)

Artilleriet rykkjer. (Torbjørn Seim, Feltartilleriet)

Me var mange landsens gutar med stort sett same bakgrunn og interesse. Men ein og annan stakk seg ut frå det vanlege. Stundom var ikkje vegen til kakebua så lang.
Me vart stadig minna om at antrekket laut vera på topp no når me var utanfor landet sine grenser. Støvlepuss og buksepress laut vera fyrsteklasses. Me var ein del av dei britiske okkupasjonsstyrkane som hadde høg standard når det galdt antrekket. Dei fyrste kveldane etter me var komne til Hegra leir i Flensburg, stod ein sersjant i porten og såg etter antrekket til gutane som skulle på byen. Fann han noko å setja fingeren på hjå einkvan, vart vedkomande sende inn att i leiren for å retta på det. Det same hende med han som hadde ein knapp som ikkje var attknept.
Men etterkvart gleid me inn i miljøet både i og utanfor leiren. Tyskarane var venlege og førekomande, og me lærde oss snart til å handla med dei. Engelske og amerikanske sigarettar var god handelsvare. For dei kunne ein få tyske mark som ein kunne kjøpa fotoapparat og kikkert for. Slikt var det lite av heime i gamlelandet på den tida.
Skulle artilleriregimentet øva i ein større samanheng, bar det sørover til Lüneburger-området. Der var det meir urørd natur og lite bygt, så det gjekk an å trena med tyngre utstyr. Me låg ein stad som heitte Munster Lager. Her vart eg liggjande småsjuk av nokre svullar som skapte seg til under armen. Nett i dei dagane kom luftbrua til Berlin i stand, for russarane hadde stengt motorvegen dit. Ikkje langt unna oss var ein flyplass, og frå den flyplassen gjekk flya til Berlin i skytteltrafikk. Med helga hadde dei norske gutane fri, og sume drog til flyplassen der dei på ein eller annan måte greidde å få seg ein tur til Berlin og attende. Ikkje reint fåe fekk seg slike flyturar før offiserane kom under ver med kva som gjekk føre seg. Då vart det slutt. Men denne sjansen fekk ikkje eg, som var sjuk.
I det same området vart den store og avsluttande brigademanøveren halden. Både engelske og danske styrkar var med. Danskane greidde å ta carrieren og mannskap til fange. Men han Olav Bryn var like blid då som alltid. Kapteinen vår var ein dugande offiser og flink til å få rett innstilling på kanonene. Men han var dugeleg tyrst og laut ofte ha påfyll. Me var glade då brigademanøveren var slutt og me fekk vaska av oss skiten og sova ut på normal måte.
Det er kanskje fritida ein hugsar like godt som den vanlege tenesta. Velferdsordninga var helst godt tillaga. Me kunne dra på helgeperm både til Danmark og til britiske permisjonsstader i Nord-Tyskland. Eg nytta meg av bår stadene – og ikkje minst i Danmark vart me godt mottekne og kjende oss som heime. Under opphaldet i Tyskland hadde me rett til ein samanhangande 10 dagars permisjon. Somme drog heimatt desse dagane, andre sørover i Tyskland og Frankrike. Eg var beden i bryllaup heime den sommaren, men valde i staden ein tur til Paris. Eit bryllaup kunne eg vel slumpa til å koma i seinare, verre var det å få høve til ein Paris-tur, var tankegangen bak. I lag med Atle Naustdal frå Sunnfjord og Gunnar Semb frå Vestfold reiste me gjennom Tyskland, Holland, Belgia og til Paris, der me stogga 4-5 dagar. Heimatt drog me gjennom Luxemburg. Etter mi meining var dette høgdepunktet under Tysklandsopphaldet mitt. Eg skal skriva om turen neste gong det vert gjeve ut bok på Voss.
Det leid ut i august månad og frampartiet var alt farne på heimveg. Me skulle dra med "Svalbard" 26. august. Båten skulle gå frå Flensburg. Alle merka no at det gjekk mot slutten av tenesta vår. Disiplinen vart dårlegare og vakthaldet laut skjerpast. Me måtte halda stilen til siste dag. – Eg hadde trivest godt i Hegra leir og funne meg bra til rette. Utanfor leiren sto det vakre, bylgjande rugåkrar som heldt på å få gulfarge. Det var eit syn eg ikkje gløymer.
"Svalbard" sette oss i land i Moss. Derfrå tok me toget attende til Fredrikstad. Sundag 28. august hadde me parade i byen. Så var det å skifta til sivile klede og prøva å koma i normalt gjenge att. Eit lærerikt ungdomsår var slutt, og ein sat att med mange tankar og inntrykk. "Til Tyskland for freden" heitte boka vår. Kanskje me hadde gjort ein liten innsats for freden si sak.