Svartebørs og lureri

Av Arne Fjose, Feltartilleriet

Den 3. mai møtte eg i Artillerigården i Gamlebyen i Fredrikstad. Der vart eg plassert i sambandstroppen og vart opplærd i bruk av telefon og radio. I tilleg vart me drilla litt i telfontenesta. Eg var i bra fysisk form, så rekruttskulen gjekk som ein leik. Den 15. august vart me så sende med "Svalbard" til Tyskland. Me kom til ein gamal by som heitte Holzminden og ligg på austsida av elva Weser i Harz. Leiren vår heitte "Herford". I september vart heile brigaden flytta nordover til Schleswig-Holstein. Me i artilleriregimentet vart buande i "Hegra leir" i Flensburg, og der var me tida ut, til i mars 1949.
Når eg no tenkjer tilbake på tida i Tyskland, flyt nok diverre det meste i saman. Men nokre episodar vil nok for alltid sitja i minnet, og slik er det vel for dei fleste.
Nokså tidleg etter at me kom ned til Tyskland, var me ein dag ute på dagmanøver. Eg var telefonist og ordonnans, og på motorsykkel låg eg som oftast rett bak kapteinen i sin carrier. Me hadde svinga ut i terrenget, og i ein liten motbakke og med svært liten fart, svinga eg opp på sida av kapteinen og ville forbi. I det same eg passerte, svinga eg inn framføre carrieren. Graset var vått, og eg fekk eit kraftig kast på sykkelen (truleg på ei tue), så eg kom på tvers av carrieren. Det var eit hundredels sekund i mitt favør. Eg vart teken av carrieren i låret og var nesten under beltet, før ein årvaken sjåfør greidde å stansa. Ned med buksa, og for meg såg det ikkje så ille ut, så eg ville køyra vidare. Men kapteinen nekta på det, og sende meg på sjukehus. Der lappa dei meg saman. Det viste seg i ettertid at det var nok meir komplisert enn eg trudde, eg har eit godt "søkk" i venstre låret den dag i dag. Eit minne frå Tysklandstida.
Når eg nemner ordet svartebørs, sal av sigarettar, litt byting av norske kroner til tyske mark, så er det nok mange som kjenner seg att. Ein kveld skulle eg byta 110 kroner mot 100 mark, som var den vanlege kursen den tida. Eg fekk napp med ein børshai i ei gate ned mot kaien. Me bytte pengar, og rett etter ville eg kontrollera at bytet var rett. Det viste seg då at hadde vorte lurd. Eg snudde meg fort, men manne var vekke. Eg snakka til nokre andre tyskarar, og ein av dei ville hjelpa meg. Han fylgde meg opp i 2. etasjen i eit av husa, der han meinte at mannen var. Der var det full fest, men mannen var der ikkje. Me drog ut att i gata, og der såg eg brått karen igjen, og la på tan etter han. Rett før hadde eg vore med på brigademeisterskapen i terrengløp og fått nest beste tida av ca. 300 deltakarar, så forma var fin. Eg nådde han snøgt att, og la han i bakken. Eg sette meg til skrevs over han, tok han i brystet med venstre handa og lyfte høgre handa til slag. På ei blanding av tysk og "vossamaol" let eg han forstå at eg kom til å slå han i hel dersom eg ikkje fekk att dei pengane eg skulle ha. Om det var tysken eller vossemålet som gjorde utslaget, veit eg ikkje, men han forstod alvoret og gav uttrykk for at han ville ordna opp. Me reiste oss, og så hende det tragikomiske. Han hadde ikkje rette pengar til å gje meg att, og spurde om eg kunne veksla! Det kunne eg, så me skildest vel forlikte.


Vaktporten i Opland leir, Flensburg. (Anders K. Førde)


Anders K. Førde med ammunisjon til panservernkanon.

Segltur på Flensbergfjorden. (Anders K. Førde)