Nytt miljø i Schleswig-HolsteinLars Lirhus, II bn.Schleswig-Holstein høyrde i eldre tid til Danmark, og det var eit heilt anna miljø der, dei var svært venlege mot oss, både tyskarane og dei som var av dansk ætt. Det var litt artig når velferdsoffiseren tok oss med bort i gymnastikksalen og skulle orientera oss om velferdstilboda deira. Dei meinte at me som ungdomar hadde behov for å koma ut og koma i lag med folk som høyrde til i området. Det verka litt underleg at han sa dei hadde valt ut kvinnfolk til oss, me skjøna ikkje kva som låg i det, men det var det at dei ville ikkje ha gatejenter inn til oss. Det vart skipa til festar og hyggjeleg samvere i helgane og stundom midt i veka. Til festane laurdagskveldane vart me norske stundom inviterte, men det gjekk helst gjennom kjende. |
Lars Lirhus framføre ein carrier.