Dramatiske episodar i Northeim

Av Sverre Gåsøy, Transp. kp

Om bord på Svalbard på veg til Tyskland.

Endeleg kom vi så langt at vi skulle opp elva mot Hamburg og fekk sjå øydeleggingane krigen hadde ført med seg. Store kranar låg forvridde og sundbomba utanfor ille tilreidde kaianlegg. Ute i elva stakk det opp master og skorsteinar frå senka båtar i hopetal. SVALBARD måtte legge til ved ei provisorisk trekai.
Nokre av kvartala i byen var heilt raserte. Rett nok sto det restar av nokre bygningar att, der golva hang nedetter veggene etter arneringsjernet. I gatene var det stort sett berre ei køyrebane, dei svære stein- og grushaugane gav ikkje plass til meir. Det var ikkje behov for meir køyreplass heller, for det var nesten ingen trafikk. Frå desse haugane av stein og grus steig det enkelte stader opp røyk. Det budde faktisk folk inne i ruinane. Oppe på dungane sat det ungar og gamlingar og pikka rein murstein, som dei truleg selde eller bytte bort.
Det tok lang tid med toget frå Hamburg til Northeim. Vi såg mykje vilt langs jernbanelina – dådyr og villsvin var det også. Dei norske offiserane dreiv med villsvinjakt i helgane, – kanskje ikkje heilt lovleg?
Northeim var ein pen stad å vere stasjonert i. Der var store eple- og druefarmar, – og ikkje minst, eit svært fint klima. Dei månadene vi var der hadde vi mykje transport av bensin og proviant til dei andre norske forlegningane.
Ein gong var eg vakt i 3 døgn på eit tog som var lasta med m.a. kol, som tyskarane var fæle til å stele av. Toget blei ståande svært lenge på jernbanestasjonen i Hannover. Til sist blei vi – 4 mann – matlause. Heldigvis hadde eg med meg 4 DM, så eg tok med meg geværet og strena opp på ein liten kafe i nærleiken. Eg la "markene" mine på bordet og sa at eg ville ha "essen" og ein snaps. Eg blei servert ein tallerken makaroni og tomatsuppe. Det bekom meg riktig vel, for alt smakar som kjent godt når ein er skikkeleg svolten. Ein snaps kom det også på bordet. På veg tilbake til toget i mørkret møtte eg ein gjeng engelske soldatar som gav meg ein stor pose med frukt dei hadde tatt med seg frå eit lager der.
Ein dag skulle ut og øve oss i handgranatkasting – Mills 36 – frå ein haug og ned i ei dump. Sersjant Johansen skulle liksom vera sprengingseksperten, må vite, og tok med seg 5-6 mann kvar gong på standplassen, medan vi andre låg bak haugen og venta på tur. Brått kom sersjanten stormande og ropte "Ned!" medan dei 5-6 gutane var att på standplassen. Til all lukke dukka kapteinen vår opp nett då. Kald og roleg sparka han granaten utfor skråningen før han eksploderte. Det var ein nordlending som miste granaten etter at han hadde trekt ut splinten. Som straff, og for at han ikkje oftare skulle gløyme rutinen, måtte han kaste seg ned kvar gong dei andre soldatane kasta granatar.

Frå haustmanøveren på Lüneburgerheden, med 75 mm. panservernkanon. (Harald Seim. II bn.)

Etter ei tid i Northeim blei eg med i ein fortropp med 5 bilar som skulle stasjonerast i Schleswig. Seinare blei vi flytta tilbake til Rendsburg, der resten av troppen var stasjonert i ei 3-etasjes murkaserne. Rendsburg ligg ved Kielerkanalen, så vi var ofte nede ved kanalen og såg båtane sigla framom, blant dei mange norske. I dette området, Schleswig-Holstein, var det oftast trist og grått med mykje regn og skodde.
Kvar formiddag var det marsjering med tilsvarande brøling frå befalet. I ein pause bak ein av garasjane fortalde sersjant Johansen at vi skulle få ete i lag med offiserane på julekvelden. Då sa eg frå om at sjølv om det var første jula eg var heimanfrå, var eg ikkje så sentimental at eg ville ete saman med eit befal som hadde kjeften oppunder øyrene kvar gong dei elles var saman med og såg oss. Eg blei beden om å gjenta det eg sa, noko eg gjerne gjorde. Eg blei då kalla inn på kontoret for meir kjeft av stabssersjant Cypriansen. Han gav då uttrykk for at han skulle syte for å stramme meg opp og melde meg for obersten. "Ja, gjer du det," sa eg, "så skal eg melde deg for obersten for all den råkjeften du alltid brukte då vi marsjerte langs vegen på Gardermoen." Der var det mange norske som ikkje kunne unngå å høyre han skrike at vi marsjerte "som råtne lik" og xxxxx (stroke av sensuren). Han hevda at det kom ikkje obersten ved, men eg varskudde han om at dersom han klaga meg inn for obersten, ville eg gjera det same. "Ordskiftet" enda der og då.
På denne tida var det elles ein svært spent periode, med luftbrua til Berlin rett over hovudet på oss. "Blir det krig no, så skal mi første kule plantast i skallen din, for ingen kan vite kvar kula kom frå," fekk sersjanten vite. "Så galenkan du vel ikkje vere," svara han. Men seinare blei han spakare og ville endå til byte bandolær med meg, for mitt var så mykje finare webba. Han var nyfiken og ville høyre kvar denne storkjefta karen kom frå. Florø hadde han aldri høyrt om, og det var han så visst ikkje åleine om. Sivilkleda mine skulle sendast heim til Florø, men dei hamna oppi Troms ein stad, før dei etter ei rundreis på om lag 3 månader endeleg kom fram til rett adresse.
Det enda med at offiserane og soldatane åt julemiddag kvar for seg, og det var rikeleg med god mat. Etterpå gjekk eg på by’n i lag med ein bergensar og såg på livet. Det var lite folk ute og gjekk, dei aller fleste tyskarane var på restaurant og feira julekvelden, såg det ut for. Då vi kom tilbake til leiren var det full oppstandelse. "Svarthuene" (panservernet) skaut over kaserna vår og så blei det skote tilbake frå vår side. Det var eit Guds under at ikkje nokon blei skadde eller drepne. Det vart sjølvsagt stor ståhei, og alle skytevåpen blei innsamla. Berre vaktene fekk ha sine handvåpen. Hendinga resulterte elles i at det vart harde utmarsjar med full oppakning 3 kveldar på rad. På snuplassen var det oppstilling og vi fekk ei skikkeleg overhaling av ein fenrik, som mellom gutta blei kalla "ein dårleg stappa høysekk".
Det var elles mange andre episodar, på godt og vondt. Det blei mange turar rundt omkring i helgane, då vi fekk låne bilar når bilane ikkje var ute på tenestekøyring. Så eg ser tilbake på desse månadene med stor glede.