Ved sonegrensa i den kalde krigen

Arne Brunborg, Transp.kp.

Forsynings- og transportkompaniet i Brigade 481, der eg gjorde teneste, låg i Northeim, ein liten by, nær grensa mellom den britiske og den sovjetiske okkupasjonssona. Byen hadde 15-16 tusen innbyggjarar og hadde ikkje vorte bomba under krigen, så både byen og leiren var intakt. Eg vart oppsett som sjåfør på ein 3/4 tonnar, og den bilen hadde eg ansvar for å halda i orden til kvar tid.
Våren 1948 byrja forholdet mellom vestmaktene og Sovjetsamveldet å verta tilspissa. Me kan vel seia at det var då den kalde krigen tok til. I februar gjekk russarane inn i Tsjekkoslovakia, og den 24. juni stengde dei all trafikk til Berlin. Vestmaktene oppretta då luftbrua til byen. Det gjekk også rykte om at russarane flytte styrkar fram mot sonegrensa. Dette gjorde tilhøva våre farlegare enn me hadde tenkt oss. Området som me skulle ha kontroll over, grensa opp til den russiske sona, og vakthaldet ved grensa vart då trappa opp. Dette var det infanteriet som tok seg av.
Den norske brigaden var oppretta som ein vaktstyrke, for å kontroll med tyskarane, som var avvæpna etter krigen. No stod me andsynes ein veltrena arme. Me hadde vel ikkje hatt så mykje me skulle sagt, om det hadde kome til ein open konflikt. Regjeringa heime drøfta kva som skulle gjerast med brigaden. Mange meinte det var best å dra brigaden attende, og heim att til Noreg. Etter forhandlingar med britane vart det avgjort at Brigade 482 skulle flyttast nordover, til Schleswig-Holstein. Brigade 481 var den siste brigaden som var stasjonert i Harz-området.