I ukjent land

Mons Åsebø, Brigadestaben

Ein episode som sit att i minnet, er eit oppdrag eg fekk kort tid etter at vi var komne til Tyskland, og som viser kor dårleg førebudde vi var til tenesta der.
Då vi reiste frå Noreg, var ein del av mannskapet, 12-15 mann, sjuke av kusma og kunne ikkje reisa før ei tid etter. Eg var sjåfør på ein ”ørkenlorry”, ein 3 tonns Ford lastebil og vart send til flyplassen for å hente etternølarane. Eg fekk med meg ein meinig som skulle vere språkkunnig og såkalla kjentmann. Køyrebok og fulle tankar med bensin hadde eg og. Etter ei stund på vegen, spurde eg ”losen” min etter ymse ting. Men då fekk eg kalde føter. Soldaten som var send med, hadde inga aning om kvar flyplassen låg, heller ikkje visste han namnet på plassen. Han kunne berre nokre ord engelsk og like lite tysk.
Flyplassen skulle liggje eit stykke bortanfor Hannover, og då vi kom til byen og skulle finne vegen til flyplassen, sende eg losen ut for å få vite kvar vi skulle. Kring Hannover låg det fleire flyplassar og vi rota og køyrde heile dagen og natta utan å finne plassen som Brigade 481vbrukte. Vi skulle prøve å få kontakt med leiren, men fann ikkje telefonnummeret. På køyrekortet i boka som vi hadde med, stod både telefonnummer og adresse, men amatørar som vi var, visste vi ikkje dette.
Vi kom oss då tilbake til leiren etter mykje om og men. Kjentmannen eg fekk med var bergensar og god i kjeften, slik at han vart teken ut til turen. Eg kunne ikkje gå frå bilen, slik at losen måtte gjere alt arbeidet utanfor bilen, som å syte for kontakt med engelske forlegningar for å få mat og opplysningar om kvar vi skulle.
Elles var tenesta i Brigade 481 for meg svært rutineprega. Nokre veker henta vi proviant i eit lager i den britiske sona, for så å fordele dette til kjøkken i brigadestaben. Ei tid var det posthenting på flyplassen som brigadestaben brukte. Ei avveksling var det når eg vart utlånt til det tyske politiet for transport av tysk politipersonell til ymse oppdrag, helst aksjonar i samband med svartebørshandel. Alvorlege episodar vart vi sparde for.
Når eg tenkjer attende, så mange år etterpå, undrar det meg at ein kunne sende så dårleg utdanna personell til så viktige oppdrag som dette var. Vi hadde berre nokre månader opplæring ved rekruttskulen på Bømoen før vi reiste til Vallemyrane og vidare til Tyskland.