Steling på kaserna

Gunnstein Hereid, (Transp.kp.)

Medan vi var i Tyskland samla vi oss opp ein del sigarettar for å kunne kjøpe oss fotografiapparat med heim att. Det vart mykje steling, dei norske soldatane var ikkje noko særleg betre enn dei andre, og dei stal frå kvarandre. Eg kom på den lure ideen at eg skar opp madrassa mi og putta sigarettane inni der, og når eg bretta ullteppet over igjen var det ingen som såg det. Så eg fekk ha sigarettane mine i fred, og kjøpte meg eit fint fotoapparat for 1350 sigarettar.