Skyteepisode

Sjur Skeie, II bn.

Ei hending som eg syntest var nokså nifs, galdt ein ungdom frå Oslo. Ved eit eller anna høve hadde han fått tak i ein revolvar på eit museum. Vi veit ikkje korleis han hadde fått revolvaren og ammunisjon til våpenet, men han hadde det med seg ein kveld han var ute på byen. Der kom han i diskusjon med ein tyskar om noko han ville ha. Tyskaren forlangte mykje meir enn den andre var villig til å betale, og det enda med at nordmannen skaut tyskaren ned. Han vart då sitjande i arresten hjå oss, til han skulle sendast heim, og vi heldt vakt over han ved fleire høve. Ein gong eg hadde vakta snakka eg nokså mykje med han, han var svært intelligent og kunne fleire språk.