Å misse ein nær ven

Av Bottolv Elvetun, Transportkompaniet

Det tyngste opplevinga i Tyskland var bilulukka der Skrede miste livet. Eg var kamerat med Skrede, eg hadde han i senga ved sida av meg. Eg røykte ikkje og ikkje drikk eg, han tok ein sigarett for veka og drakk kanskje eit ølglas for veka. Det var ein tredjemann med i same laget og han hadde same innstillinga som oss, han heitte Håkon Bleken, han er berømt no som teiknar og målar. Skrede og eg var på same rommet i Noreg òg, men då var me 8 mann på same rommet so der var det mykje trongare. Me var såleis saman under heile tenesta, men det var i Tyskland me vart kjende for alvor. I rekruttida var me so mange saman og tida var meire fastlåst. Dette endra seg då me kom til Tyskland, der var det som me gjekk inn i eit arbeidsforhold med arbeidstid og fritid. Ikkje var me innstilt på noko tull og arbeidet vårt var heller ikkje slik at det innbaud til festing og rangling, me hadde gjerne turar på ein 15-20 timar føre oss, difor vart me gjerne sitjande på romet og fekk tid til å verte kjende. Eg er overtydd om at hadde han fått levt, so ville me ha vorte verande vener for heile livet.
Me køyrde kvar vår bil, so eg var ikkje med på ulukkesturen. Men eg hadde òg turar på postkøyring so eg var kjend på ulukkesstaden. Me henta posten frå ein dansk Røde Kors-leir like ved grensa. Riksvegen kom mot grensa i ein halvboge. Vegen frå leiren kom ned på riksvegen på ein slik måte at det vart undersving og det var regn so vegen var blaut. Om sjåføren køyrde for fort, det har eg ikkje nokon meining om. Sjåføren kom seg ut, for han sat på den «rette» sida, sameleis vakta, han sat bak på lasteplanet med posten, men Skrede vart fastklemt. Det var tollstasjon der på grensa og nokre tollarar som nett hadde gått av arbeid, kom med ein gong. Men det var ein som skreik ut at ikkje nokon måtte nærma seg bilen, for det var ammunisjon i han. Det var sant nok, men denne ammunisjonen var berre for maskinpistol og var såleis heller ufarleg. Dermed rømde alle vekk i første omgang, for det tok fyr i bilen med ein gong, og dei sløkte brannen før dei torde nærma seg bilen att og fekk Skrede ut. Men då var det for seint.
Ved heimsendinga var eg med i æresvakta, det var med blanda og sterke kjensler me sto der. Alt hadde gått so godt, bortsett frå han som fekk knust føtene sine so hadde me ikkje hatt noko uhell å snakka om, og so skulle dette skje!
Det var forresten to kister som vart heimsende den dagen. I den andre låg ein sersjant som vart drepen i ei øving. Han var nok for lite van med maskinpistol, for han hadde sett han frå seg ved bilsetet med magasinet i og ved ein dump i vegen gjekk skota av, han fekk heile magasinet på 24 skot gjennom seg og vart drepen momentant.


Trafikkulukke ved grensa mellom Tyskland og Danmark,
der ein norsk soldat, Skrede, miste livet. (Bottolv Elvetun, Transp. kp.)

Posthenting

Det var meininga at me skulle starta i 5-6-tida om morgonen dei dagane me skulle til Padborg etter post. Men me stakk gjerne avgarde straks etter midnatt – køyresetelen lydde på dato, ikkje på klokkeslett. Det var om å gjera å koma seg fram til Danmark så tidleg som mogeleg. Der budde me i ein Røde Kors-leir som dansk Røde Kors dreiv, det var to gamle trivelege damer som dreiv han. Me skulle ha maten hos dei, men det var å gje dei nokre kroner og so kjøpte dei inn egg og flesk ekstra. Det var nokre som prøvde seg på å kappeta speilegg, eg trur den eine greidde eit par og tjue medan den andre måtte gje seg på ein fjortan - femten! So var det til å sova til det leid ut på ettermiddagen eller til i kveldinga. Då tok me bilen og køyrde til Sønderborg, der var det eit sjukehus med tilsvarande damer og der hadde me ein fast restaurant der me vart verande heile natta. Så køyrde me attende til Padborg til den tid me skulle lasta inn posten og starta turen attende! Det vart ein 4 - 5 timars søvn den dagen me kom til Padborg, etter måltidet med egg og flesk, men sidan gjekk det i eitt til me var attende i Northeim.

Permisjonen

Me hadde velferdspermisjon i ei veke og eg gjorde som mange andre, eg tok min i Danmark. Eg må tilstå at eg utnytta denne permisjonen og tok skikkeleg tjuvperm i tillegg. Me var to stykke som reiste saman til Danmark og ingen av oss hadde lyst til å reisa nedatt. Eg var so heldig at eg nett hadde fått nokre pengar heimanfrå, so eg var noko betre stilt. Me la pengar til side slik at me hadde til togbilletten til Padborg og so var det det store spørsmålet: Kven køyrde postbilen? Var det pålitelege folk so var det greitt, var det upålitelege so var det berre å liggja over i Padborg og ikkje gje seg til kjenne. Me var skikkeleg heldige, det var pålitelege folk på postbilen so me kom inn att i leiren utan at nokon viste om det, gravlagde mellom postsekkene. Eg strekte permisjonen so istaden for å vera i Danmark i ei veke, so vart eg der nesten 14 dagar og permisjonssetelen har eg ein eller annan stad den dag i dag. Mange reiste ikkje lenger vekk enn til Sønderborg eller Aalborg, men me var i København og budde på Vesterbro kaserne, me hadde det godt der. Du veit, dette var det ikkje råd å gjera utan at offiserane såg gjennom fingrane med det. Eg var ikkje den einaste som gjorde det på denne måten.

Kosthaldet.

Korleis eg opplevde kosthaldet i leiren? Jo, det skal eg seia deg, hadde ikkje eg fått noko pengar heimanfrå so eg fekk kjøpa noko attåt den tida eg var på rekruttskulen, so hadde eg svolte bokstaveleg heilt i hel! Der var det so dårleg med kosten, serleg middagen, at du ville ikkje tru det. Me sat tolv rundt bordet og fann me ei eller tvo etande poteter i det som skulle vera til heile bordet, so var me heldige! Og roten fisk! Det var rett og slett nifst. Det var rett frå middagsbordet og til kafeen. Der fekk me kjøpt brødmat so eg vil seia at eg overlevde på det eg fekk heimanfrå.
Skikkeleg mat fekk me alt då me kom til Porsgrunn, på veg nedover til Tyskland. Eg reiste i fortroppen og fekk forresten litt av ei reis. Me fekk storm på oss ute i Skagerak so Svalbard låg på veret, eitt døgn trur eg det var før han returnerte inn att i fjorden og der låg me eit par døgn før me drog vidare til Tyskland. Me budde ombord på båten dei dagane.
Samanlikna med maten på rekruttskulen vart det reine himmerike då me kom til Tyskland, det kjendest noko lite fyrste dagane, men det var nok og det var godt. Og so fekk me venja oss til å drikka engelsk te.Veit du, for nokre få år sidan var det nokre engelske marinebåtar her og då fekk eg nett same teen, eg kjende han att på smaken! Desse engelske kantinedamene hadde forresten faste stasjonar langs autobahn, der tok me pause og kjøpte te.



Framføre kantinevogna på ein tur. (Bottolv Elvetun, Transp. kp)


Eit par episodar:

Me køyrde og personell frå heile brigaden som skulle til Danmark. Då var me som regel 2 og 3 bilar saman og fem sjåførar på tre bilar. Ein gong fekk eg ein fenrik med meg i bilen og det var ein skikkeleg dritstøvel. Me hadde våre faste stopp der me hadde våre kvilepausar. Det var ein vane me hadde at før me gjekk ut av bilen so stakk me magasinet under bandolæret og maskinpistolen på aksla. So spør han kvifor eg gjekk og gjorde meg til på denne måten og so peikte han på maskinpistolen min. Eg går aldri ut av bilen utan at eg gjer det på denne måten, sa eg og so la eg til noko om at var ikkje han her som okkupasjonssoldat? Men her finst då ikkje ein tyskar og ingen ting å skyta på, innvende han. Jau, sa eg, der er ei kråke, ho sat vel so ein 40 - 50 meter frå oss. Men den greier du ikkje skyta med ein maskinpistol, sa han. Eg slær i magasinet, set han på automat og skyt frå hofta. Jordspruten sto rundt kråka og det var jo berre fillene att av henne!
Me som var sjåførar fekk ikkje fylgja den vanlege våpenopplæringa. Men ville me bruka av fritida vår på skytebana, so var det berre å gå innom lageret der me fekk både gevær og skot, ja jamvel handgranatar. Eg nytta meg av det for eg har alltid vore interessert i skyting.
Eg var aldri bort i nokon episode at eg hadde bruk for våpen, men eg kan fortelja om ein annan hending eg hadde. Eg skulle ein gong køyra proviant til ei vakt som låg ved sonegrensa. Dårleg veg var det og dårleg merking, det var nokre små skilt som sto på ein pinne heilt nede ved bakken. Eg må ha oversett eitt for eg visste ikkje eigentleg kvar eg var, men so møtte eg ein tyskar med vogn med tvo uksar føre og spurde han. Han fekta og peikte og skreik noko forferdeleg: Russe, Russe, Russe og eg skjøna eg var komen innom grensa. Eg fekk snutt og for attende litt faderleg fort!

Situasjonen i 1948

Du veit det var spennande tider for oss som var i Tyskland i denne tida. Ein episode eg høyrde om som gjekk føre seg mot sonegrensa til russarane, var at dei samla ei mengd med lastebilar og monterte 12 millimeter mitraljøser på dei, det var eit hol i taket over passasjersetet for denne monteringa, og ladde dei med skarpt. Bilane vart køyrde i kolonne sørover langs grensa. Vegen dei køyrde på bøygde av frå grensa noko lenger sør og då dei kom inn att i landet nokre kilometer, køyrde dei nordover att og inn att til grensa der dei starta første gongen. På denne måten såg det ut som ein samanhengande kolonne på veg sørover langs grensa.
Hadde me no enno visst lite grand, men ingen ting fekk me veta. I Northeim hadde me flya som kom att frå Berlin rett over leiren og dei for som regel mellom 2 og 4 på morgonkvisten, store B- 52 fly berre ein 200-300 meter over oss, jøsses kor dei høyrdest, det skalv alt saman i leiren, og so ikkje veta noko slag!

Historien om han som fekk øydelagd føtene sine

Bortsett frå ulukka der Skrede omkom so gjekk det knakande godt for oss. Men me hadde eit, det eg vil kalla eit hendeleg uhell, der ein sjåfør fekk knust føtene sine.
Dei hadde vore stad å rydda opp etter ei øving. Dei var ein 2-3 bilar saman men dei andre var reiste so han var åleine att. Han skulle slå opp baklemmen og so gleid han og so kom lemmen nedatt og knuste begge føtene hans, den eine foten var heilt knust medan den andre ikkje var so ille medfaren. Der sit han! Men han presterte å koma seg inn att i bilen og køyra mange mil attende til leiren. Eg er ikkje viss på kor mange, men det kan ha vore opp til 5 mil, mott åleine. Men eg hugsar ikkje kva han heitte og kvar han var i frå.

Oppstilling klar til heimreis. (Bottolv Elvetun, Transp. kp)