Det mest dramatiske eg var med på var ein razzia i ein flyktningeleir for såkalla displaced persons, der det mellom anna låg ein del polske nazistar. Vi var kjende med at dei hadde våpen, og at ei britisk avdeling hadde prøvt ein razzia der før, utan å lukkast. Vi var samla i ein stor ridehall før vi skulle gjennomføra dette oppdraget, og eg hugsar godt sluttreplikken til bataljonssjefen vår, oberstløytnant Løvlie: «Husk på det, gutter, jeg vil ikke ha noen unødvendige begravelser her nede.» Det var såpass tøft. Vi nærma oss leiren midt på natta, utan lys på bilane. Sume grupper skulle omringe dei ulike kasernene, andre skulle gå inn. Trass i at det skulle vera ei overrasking, verka det som nokre hadde fått eit lite hint om vi kom, for når eg kom inn på eit rom, låg det på bordet ei skive som var halvt påsmurd, men mannen som hadde smurt skiva var vekke. Vi tok ein del våpen, razziaen gjekk fint, og vi fekk skryt etterpå, for vel utført arbeid. For at vi ikkje skulle verta skulda for noko, vart vi kroppsvisiterte alle mann før vi drog derifrå. Ingen skulle kunna påstå at vi hadde stole noko inne i desse brakkene.
