Frå tysk krigsfangenskap i Noreg til norsk okkupasjonssoldat i TysklandMellom soldatane frå våre kantar som gjorde teneste i den fyrste norske brigaden i Tyskland, var det to som hadde ein spesiell bakgrunn. Dei hadde båe vore aktivt med i den norske heimefronten under krigen, båe vart arresterte av tyskarane og sat i tyske fangeleirar og fengsel her i landet. Me vil gjerne nemna litt om dei før me let dei andre soldatane få ordet for å fortelja om sine minne frå tenesta i dei ymse Tysklandsbrigadane. Det gjeld Egil Seger frå Laksevåg og Sjur Almeland frå Voss.
|
Sjur AlmelandI september 1944 gjennomførde tyskarane ein rassia på Vossetrand. Frå gardane Bidne og Finne søkte dei oppover, mot stølen Svurto, der heimefronten hadde ein radiosendar. Telegrafisten og læreguten greidde nett å koma seg undan, men sendaren vart funnen, og det løyste ut ein storaksjon i bygda og i fjellområda i kring. På stølen Helgaset, i eit sel som høyrde til garden Almeland på Voss, fann tyskarane eit våpenlager. Karane på Almeland hadde vore mykje med i heimefronten, og Sjur, ein av sønene på garden, vart arrestert og torturert. |
![]() Matpause i skogen for fangane (Sjur Almeland) ![]() Kvilestund frå tømmerbering (Sjur Almeland) ![]() Eit slags ferje av pontongar. Her ror dei ferja lasta med ei kanon og ein kanontraktor over Weser. (Sjur Almeland, Ing. kp.) ![]() Øving i brubyggjing. (Sjur Almeland, Ing. kp.) ![]() Pontongbru over elva Weser. (Sjur Almeland, Ing. kp.) |