Tysklandsbrigaden på Voss trer av.

 

Tysklandsbrigaden
Kring 50.000 norske ungdomar gjorde si militærteneste i Tyskland i åra 1947-53, med H7-merket i hua.
Etter å ha opplevd den tyske okkupasjonen, var det ei spesiell oppleving å koma til Tyskland i norsk uniform.

 

Det er 57 år sidan den siste av 12 norske brigadar vende heim frå tenesta i Tyskland.
Voss og omland har sidan  1994 hatt si eiga veteranforening. I dei åra som har gått er det lagt serleg vekt på informasjon til nye generasjonar om det som hende under krigen og seinare i Tysklandsbrigaden. Tida går og vi vert færre medlemer etterkvart. Årsmøtet vedtok den 26.februar at  tida no er inne for å setja sluttstrek.
Foreninga har heile tida hatt Aage Henning Stavenes som formann. Han har vore ei drivande kraft heilt sidan starten.

 

Det sitjande styret med Aage Henning Sravenes som formann fekk fullmakt til å stå for avviklinga. Foreninga si internettside www.Tysklandsbrigaden.no vert halden oppe, men vert lukka for nytt stoff. Det er sett av midlar til å halda nettstaden open  i ein del år framover, så langt dei avsette midlane rekk.

 

Vinteren 1947 vart den første brigaden send til den britiske sona. Dei første tre brigadane    var stasjonert i Harz, ikkje langt frå den sovjetiske sona.
Sumaren 1948 vart brigaden flytta lenger nord, til Schleswig-Holstein.

 Dei ymse avdelingane hadde kvarter ei rekkje stader i denne delstaten, men var også            på  manøver i andre område, serleg til det store øvingsfeltet Sennelager i  Westfalen.

Vestlandsbataljonen – Infanteribataljon nr 2 – hadde kvarter i Husum som er hovudstaden i Nordfriesland ved Nordsjøen.  Herfrå er det berre 4 mil over eit eide til Østersjøen.
Då britane i 1945 kom til Husum vart dei tidlegare marinekasernene døypte om til ”Leicester Barracks”.  Men vestlendingar var det også i mange andre avdelingar,  t.d. i Schleswig og Rendsburg  og Feltartilleribataljonen i Flensburg.

Dei norske soldatane kom til eit  landskap med ein dramatisk og turbulent historie – eit grenseland mellom daner, sachsere og andre folkegrupper. Det var ikkje første gongen det var mange norske  i desse traktene. Snorre fortel om Håkon jarl som med sine menn sloss ved Danevirke og  om kong Magnus den gode som  kjempa mot venderne på Lyrskog hede.Under den store Nordiske krigen tidleg på 1700-talet vart fleire norske regiment  sende sørover for å  styrka den danske hæren. Såleis kom to regiment til Husum i 1713 og tok del i erobringa av festningsbyen Tønning. På denne tid var det ikkje mindre enn 5.000 norske soldatar i utanlandsteneste og dei leid ofte vondt med sult og sjukdom. I så måte hadde dei seinare brigadesoldatane det godt, jamvel om dei ofte sleit og sveitta.

Tysklandsbrigaden var ein viktig lekk i atterreisinga av Hæren etter 1945. Kasernene var betre enn heime – det var store og gode øvingsfelt – utdanninga vart gjennomførd i stort tempo - og ein lærte mykje av samarbeidet med britane.  Det endelege punktum for Brigaden vart markert med parade for dåverande kronprins Olav på Jagel flyplass i Schleswig 12.april 1953.
Tysklandsbrigaden
Brigadeforeninga har hatt mange turar. Her er formannen Aage-Henning Stavenes på Scapa Flow på Orknøyane i 2005. Her var hovudbasen for Home Fleet under to verdskrigar
.
Tysklandsbrigadens Veteranforening for Voss og Omland
For styret
Rolf J. Helgesen
Sekr.