6. mai 1998:

Vellukka veterantur til Paris og Normandie


Me var i alt 45 spente og forventningsfulle personar som onsdag 6. mai reiste på sommartur. Det var tysklandsbrigadenes veteranforening avd. Voss og Omland som stod som arrangør. Målet var i fyrste rekkje Paris og Normandie, men elles baud turen på mange gilde og interessante delmål undervegs.

Det vart på alle måtar ein strålande tur, rik på fine opplevingar. Til og med vêret viste seg frå si aller beste side. Det var sommar, sol, blå himmel, og i Paris steig temperaturen til over 30 grader. Veka før hadde det vore surt ver her, med regn, vind og låge temperaturar.

For dei aller fleste er Hallingdalen og reisa til Oslo kjende trakter, men likevel hadde vår dyktige reiseleiar mykje nytt å fortelja om dei ulike bygdene og landsdselane. Visste du forresten at Oslo kjem av Ås = Gud og Lo = slette, altså Gudesletta?

Undervegs fortalde reiseleiar om kampane i Normandie, på strendene Utha, Omaha, Gold, Uno og Sword Beach. Han refererte interessante intervju med nordmenn som hadde delteke i kampane, t.d. Karsten J. Øvsthus og Inge Stensland. Elles gav turdeltakarane til beste minne frå opphaldet i tysklandsbrigaden, det vere seg dramatiske, humoristiske eller alvorlege kvardagshendingar.

Etter ei god natts søvn og frokost på båten, starta vi på veg gjennom Danmark. Under heile turen orienterte reiseleiaren om historisk utvikling, økonomisk situasjon, styresett, kultur, næringsgrunnlag o.s.b. i dei ulike landa vi reiste gjennom. Så bar det på motorveg gjennom Tyskland, det nest største landet i Europa, med sine 16 statar og ca 80 mill. menneske. Vi reiste gjennom statane Schleswig-Holstein Niedersachsen og Nord Rhein-Westfalen. I handelsog kulturbyen Hamburg hadde vi ein kort rundtur. Det store hamna imponerte oss alle. Vi overnatta i ein liten koseleg by som heiter Delmenhorst ved Bremen.

Neste dag bar det vidare gjennom Tyskland. Vi var også innom byen Münster. I denne byen var det at Westfalerfreden vart underteikna i 1648 (30-årskrigen). I Ruhr-distrikta var det kort veg mellom skorsteinspipene. Landskapet vi reiste gjennom var mykje einsarta. Det var lite oppover- og nedoverbakke, mest heilt flatt. Svære kornåkrar, mest så langt auge rakk, blømande irrgule rapsåkrar, nyslegne bøar og innimellom store flokkar med beitande krøter på markene. Men skog er det sjølvsagt også. Særleg langs motorvegen, mest lauvskog, men og ein god del bartre. Turen gjekk så vidare gjennom Nederland og Belgia. Vi fekk god orientering av reiseleiar om land og folk også her.

Neste overnatting var i Amiens, ein fransk by med 135.000 innbyggjarar. Jules Verne budde i denne bven i ca 30 år. så bar det vidare gjennom Rouen og ut til stredene i Normandie. Vi køyrde gjennom mange små byar med gamle fine steinbygningar, bindingsverks-hus og smale gater. Her på dei 5 landgangsstrendene var det i juni dagane 1944 harde kampar. Ei veke tok det før strendene var okkupert og bundne saman til ein ca 100 km lang skanse. Mange unge menneske miste livet sitt her. Vi besøkte den amerikanske minnekyrkjegarden på Omaha Beach, og det var ei sterk oppleving. Parkanlegget dekka eit stort område og var fantastisk fint tilrettelagd, men det var i fyrste rekkje gripande å sjå 9.000 marmorkors med innhogne namn og fødestad stå velordna pa rekkje og rad. Dette var gravene til unge amerikanske soldatar som fall her. Det var ei sterk påminning om kor meingslause og sorgbringande krig er.

I byen Arromanches besøkte vi invasjonsmuseet, der vi både med film og munnleg orientering fekk eit godt innblikk i hendingane dei dramatiske junidagane 1944. Her overrekte Åge Stavenes frå veteranforeninga Voss sin vimpel til museet, og foreninga fekk fin gåve frå dei fire minneplater i bronse med motiv frå Arromanche og Omaha Beach.

Neste stopp var Paris, Europa sin største by med ca 13 millionar innbyggjarar. Vi budde 4 netter på Ibis Alesia, eit sentralt og bra hotel. I Paris var det mykje a sjå, høyra og oppleva. Byen var svært rein og fin, men så
vart også gatene spylt kvar natt. 80% av husa var dessutan bygd i kalkstein som kan vaskast. Svært mange av husa sine balkongar var smykka med kunstsmedarbeid. Åstida var også den rette. Kastanjetrea blomstra i kvitt og raudt, og bløminga på dei fine Pavlovnia-trea med blåe blomar, var på høgste - vakkert.

Sundag hadde vi den fyrste byrundeturen, med besøk m.a. til Eiffeltårnet, som kvart år vert besøkt av 5-6 mill. menneske. Måndag hadde vi og ein svært interessant byrundtur, med ein kunnskapsrik svensktalande guide. Vi var m.a. i Luxembourg-hagen og såg ein modell av frihetsgudinna i forminska storleik. Det er same kunstaren, Frederic Bartholdi, som har teikna alle 3 modellane. Vi såg Invalidedomen med den store gullbelagde kuppelen. Napoleon er forresten gravlagd her i ein 5 meter høg sarkofag i raud marmor. SacreCeur ligg høgt og fritt på Montmartre. Vi var inne i den 130 m lange Notre Dame-katedralen, bygd mellom år 1100 og 1300. Glasmaleria var fantastiske, rosevin-dauget i sør er heile 13 m høgt. Det er forresten dei same kunstnarane som har laga nokre av glasmaleria i Nidaros-domen. Aktustikken i denne kyrkja var utruleg fin, og ved å slå på ei delsøyle, kjende ein vibrasJonen i heile søyla. Paris har mange gamle bygningar som er godt bevarte. Dette har dels samanheng med at Paris vart spart for krigshandlingar i siste verdskrig.

Musea var mange. Fyrste og fremst Louvre og Musee D'Orsay som husar nokre av verda sine finaste kunstsamlingar. Sentrale opne plassar var det mange av; t.d. Place Vendome med mange bankierar, juvelerar og Hotel Ritz, er om mogleg endå betre kjend etter prinsesse Diana sin død. På Place des Pyramides står den gylte statua av Jeanne D'arc. Place de la Conconrde var imponerande. Midt på plassen stå den 3200 år gamle obelisken, som er ei gåve frå Egypt, omgjeven av fontener og 8 statuar som personifiserer franske byar. Sjølvsagt måtte vi også besøkje triumfbogane som ligg på ei rekkje med 1 mils avstand mellom dei ytterste. Den vesle som Napoleon bygde for å feire sigeren i 1805, den store som Napoleon byrja å byggje, men som fyrst vart ferdig i 1836, og den moderne La Grande Arche, ferdigbygd i 1989. Ei kveldstund på Montmartre eller ein spasertur nedover den opplyste Champs Elysee var også fine opplevingar. Vi hadde og ein triveleg båttur på Seinen ein kveld. Det var ei flott oppleving å sjå Paris «by night», med dei fleste bygningane i flaumljos.

Er ein fyrst i Paris, er det naturleg å bruke ein dag i Versailles. Det var eit imponerande møte. Hageanlegget var av utrulege dimensjonar og svært vakkert. I slottet var det rikt dekorerte salar, med maleri, gull og glitter. Spegelsalen t.d. var 76 m lang og 10 m breid.

Men alltid har ein ende, såleis også opphaldet i Paris. Onsdag bar det på heimveg. I Belgia hadde vi ein byrundtur i Brüssel. Den vakre Grand Place var omkransa av det rikt utsmykka rådbuset og vakre gamle laugshus bygde rundt 1690. Laugsordninga har alltid hatt ein høg status i Belgia. Lauget borgar for kvalitet og ivaretok laugsmedlemmene sin interesser. Vi såg også statuen over den vesle amerikanske guten som kom bort frå foreldra sine, og der han vart funnen att, er det reist ei statue, Manneken Pis.
Også på heimturen gav reiseleiar interessante informasjonar knytt til landskapet vi reiste gjennom.

Alt kl 12.00 torsdag kom vi til Kiel og gjekk ombord i ferja Kronprins Harald. I strålande ver, mest ikkje ei krusing på sjøen, koste vi oss ombord i den store fine båten. Nesten morgon var vi i Oslo, og no bar det strake vegen heim til Voss. Fint ver var her også, sommar mest, med vakre fargar.

Godt å koma heim att, rike på gilde opplevingar og minne. For oss alle hadde det vore ein svært kjekk sommartur, ikkje minst takka vera den dugande reiseleiaren vår, Haavard Næss og den dyttige sjåføren, Olav Sævareide, som loste oss trygt på alle vegar under turen.

Reisebrev ved
Kirsten Maria Takvam