1.-2. februar 2000:

Ungdommen tente på Forsvaret

Fraktgodsen: skuleelevar frå Voss møter Forsvaret, og ser grusomme filmar frå tyske konsentrasjonsleiarar.
—Eg kunne godt tenkt meg ei militærfri verd. Men det går ikkje når enkelte folk har så vonde hensikter, seier Vibeke Korsnes.


____________________________________________________________________________Foto: Vidar Herre

Vibeke er elev på Voss vidaregåande skule, og var ein av mange som kom til Fraktgodsen tysdag. Elevar frå så å seia alle dei vidaregåande skulane og ungdomaskulane kom og ville vita meir om Forsvaret. Ungdommane såg ut til å vera veldig opptekne av det som skjedde. Ikkje minst gjorde to filmar frå siste verdekrigen eit sterkt inntrykk.

—Slik var det, og slik er det enkelte stader i verda i dag, også, sa kaptein Svein Erik Burud til ungdommane etter dei sterke scenane.

Grusomt men lærerikt

Heile Fraktgodsen var dørgande still då bileta frå konsentrasjonsleiren BergenBelsen rulla over storsyermen. 30.000 døde vart funne berre i denne leiren. Døde fangar i haugevis, og nærbilete av andlet som sjølv i døden var forvridde i smerter og avmagring, gjorde at alle vart gripne.

—Grusomt å sjå, men veldig lærerikt, sa Vibeke Korsnes. —Det er bra dei viser det som har skjedd. Det gjer at me får større interesse, og me klarar ikkje å halda oss likegyldige til det.

Det skal ikkje gløymast

—Det var forferdeleg, held ho fram. - Eg skjønar ikkje kva som skjer. For meg er det utenkjeleg at nokon kan gjera slike ting, og rettferdiggjera det. At folk i dag påstår at desse tinga i konsentrasjonleiarane ikkje har skjedd, er sinnsjukt, når me har det så godt dokumentert, seier ho.

—Difor er det viktig å repetera dette heile tida, det skal ikkje gløymast. At det skjer slikt enno, er heilt forkasteleg, seier Vibeke.

—Har denne dagen fått noko å seia for di haldning til Forsvaret?

—Eg ser at det er viktig å ha eit forsvar, men dei må ikkje misbruka makta. Å oppretthalda kommunikasjonen med folket er viktig for Forsvaret, meiner ho.

____________________________________________________________________________Foto: Vidar Herre

Var ekkelt

—Filmane gjorde sterkt inntrykk også på Stig Frode Støle og Kari Åkre, to andre frå Voss vidaregåande som syntes dei hadde ein interessant dag

—Det er fyrste gongen eg ser så sterke scenar på ein film. Dette var ekkelt. Eg måtte snu meg vekk ein gong, seier Stig Frode som saman med kari Åkre syntest at dette var eit skikkeleg bra opplegg. -Dagen før hadde dei høyrt på foredrag på skulen om norsk tryggleiks- og utanrikspolitikk. - Det var interessant å sjå meir om det her. Det er kjekkare å vera her og sjå på ekte varer og bilete, enn berre å sitja i timane og høyra om saker og ting, fastslår dei.

Stig Frode fortel at han er veldig interessert i Forsvaret. Han hadde ein oldefar som var med i 1. verdskrig og ein bestefar som var med i den 2.

Også Vibeke Korsnes skryter av opplegget.

—Det verkar veldig gjennomtenkt og bra organisert. Dei har gjort det interessant for oss. Her får me sjå ting som vanlegvis ikkje står i historiebøkene, her går me djupare enn det, seier ho.


Dei frammøtte fekk i tillegg treffa folk som orienterte om utdanning i Forsvaret og om verneplikta. I tillegg var fleire organisasjonar der som reserveoffiserane, Tysklandsbrigaden, forsvarsforeininga og FN-veteranane. Pensjonert offiser Bjørn Pedersen synte fram svært interessante bilete frå Forsvaret på Voss.

—Her kan du sjå dronning Sonja, då ho tok befalskurs for kvinneleg reservepersonell på Bømoen i 1979. He ser du kong Olav på skytefeltet på Mjølfjell i 1935, fortel Pedersen som smakebitar på det han kunne tilby.

Kaptein Svein Erik Buru som leia det heile frå Forsvaret si side, var veldig glad for den store interessa frå ungdommane. Til tider var det tilløp til kaos inne i Fraktgodsen, der interesserte ungdomar gjekk att og fram for å finna svar på spørsmål dei hadde fått om Forsvaret.

____________________________________________________________________________Foto: Vidar Herre