Årsmelding år 2007.

Styret i 2007:

Formann : Aage Henning Stavenes, Nestformann: Olav T. Bryn, Sekretær: Rolf J. Helgesen.

Styremedlemmer: Knut Strøm, Bernt Veka, Ragnvald Fleten og Olaf Hærnes.

Varamenn: Ivar Gjelland, Birger Brekhus og Johan Dolve.

Revisorar:  Arne Fjose og Birger Berge.

Valnemnd: Steffen Kvarekvål, Arthur Graue og Sjur Almeland.

Arbestaletidsutval: Aage Henning Stavenes, Ragnvald Fleten, Olav T. Bryn og Rolf J. Helgesen.

Medlemstalet er i år som i fjor 136 betalande medlemmer. Talet har tidlegare vore opp i 195.

Årsmøtet vart halde på Bømoen i austre messe, onsdag 21. februar 2007 kl. 10.00.

Det møtte 23 veteranar.

Formannen opna møtet  og bad forsamlinga reisa seg i   ½  minutt stille til minne om veteranar som er gått bort sida sist årsmøte.

Magne Nordeide vart vald til møteleiar, Rolf J. Helgesen  vart vald til referent. Til å skriva under  protokollen vart valde:  Johan Dolve og Bjarne Nedkvitne.

Nils T. Selvik fekk no ordet og orienterte om turen som foreininga skal ha til Yorkshire

31/5 – 6/6 2007, i høve Tysklandsbrigadanes 60 års jubileum. Dei første brigadane låg under  det legendariske Yorkshire Regiment. Selvik orienterte om opplegget for turen og fortalde ein del om dei stadene me skulle innom.. Alle har fått tilsendt  programmet for turen, og det vart og vist til det.

Formannen takka Selvik for orienteringa og gav så ordet til møtestyraren Magne Nordeide for gjennomgang av årsmøtesakene.

Sekretæren gjekk gjennom årsmeldinga som vart godkjend utan merknad.

Formannen vart beden om å orientera  om internettsidene då ikkje alle kjenner så godt til dette arbeidet.

Fleten orenterte frå landsmøtet i Forbundet og om nedlegging av dette,  og kva konsekvensar  dette kan ha for vidare arbeid med internettsidene våre

Det vert eit viktig landsmøte i september 2007. Som utsendingar til dette landsmøtet vart valde: Aage Henning Stavenes, Ragnvald Fleten og Nils T. Selvik.

Kasserar og Formann gjekk gjennom rekneskapen og neste års budsjett. Begge vart godkjend utan merknad

Medlemspengane vert som tidlegare kr. 150,- pr. år.

Lars Jordal hadde sagt frå seg attval som styremedlem og kasserar.

Styret tilrådde derfor at formannen som og tidlegare har ført rekneskapen på data, no overtek arbeidet som kasserar. Dette vart samrøystes vedteke. For arbeidet som forretningsførar, kasserar og leiga av datautstyr, vart vedteke årleg godtgjerdsle på kr. 5.000,-

Steffen Kvarekvål la fram forslag frå valnemnda. Som ny styremedlem føreslo valnemnda Olaf Hærnes og attval på dei andre som stod på val.

Valnemnda sitt framlegg vart samrystes vedteke.

Formanne etterlyste ein til å halda tale og leggja ned krans ved  8. mai arrangementet.

Styret vart pålagd å ordna dette.

17. Mai. Formannen etterlyste større oppslutnad  frå veteranane til folketoget denne dagen

Når det gjeld Veteranåret 2007, har me lite opplysningar frå Forbundet, både når det gjeld  arrangement og program.

Årsmøtet vat avslutta kl. 12.00.

 

Møter.

 

Det er halde 5 styremøte og arbeidsutvalet har hatt 4 møte.

 

22. februar hadde styret møte hjå Stavenes. På dette møtet var det og trekt ut  vinnar av vårt Cruice Lotteri. Vinnar vart Nancy Jordal som straks vart orientert om resultatet. Vinnarresultatet vart og sett inn i ”Hordaland”.

2.Mars vart det halde festmøte i samarbeid med Voss Forsvarsforening på Bømoen

Festen vart leda av Nils T. Selvik.

8.mai arrangementet gjekk etter vanleg tradisjon saman med Voss Gutemusikklag anno 1947.

Birger N. Berge heldt tale for dagen og la ned krans på minnesteinen i Prestegardsmoen.

Pressa var til stades og sermonien vart referert i ”Hordaland”. Bilete og talen er lagt ut på internettsida vår.

17.mai Denne dagen var det strålande sol, men til folketoget møtte der berre 16 veteranar. Me har aldri tidlegar vore så få. Det er derfor ønskjeleg at fleire møter opp seinare.

31/5 – 6/6 2007 reiste foreininga i vikingane sine fotspor til Yorkshire. Utførleg referat frå turen stod i ”Hordaland” 5. juli 2007. Turen er og lagt ut på våre internettsider.

21. – 23. juni var me invitert saman med Voss Forsvarsforening  på  tur til Østerdalen Garnison Rene. Skriftleg innbjoding vart sendt til alle medlemmer.

6. september var Aage Henning Stavenes, Ragnvald Fleten og Nils T. Selvik våre utsendingar på Forbundet sitt landsmøte i Oslo. Styret i Forbundet trekkte tilbake sitt tidlegare forslag om nedlegging av Forbundet og oversåg med det landsmøtet sitt vedtak i 2006.

Utsendingane frå Voss sette derfor fram nytt forslag om nedlegging av forbundet frå 1/1 2008.

Ved avrøysting fall dette forslaget.

Styret i vår foreining har gjort vedtak om å leggja fram forslag på neste årsmøte at foreinga melder seg ut av forbundet. Styret ser ingen fordeler med vidare medlemskap i Forbundet.

Internettsidene arbeider me stadig med. Forbundet har sagt opp sin avtale med oss om samarbeid. Etter landsmøtet har Forbundet på nytt sendt skriftleg søknad om nytt samarbeid om internettsidene. Styret har handsama søknaden og gått i mot vidare samarbeid.

Det er formannen som utfører alt arbeidet med internett.

Arkiv. Stavenes har lagt ned eit kjempearbeid med å digitalisera heile arkivet vårt. Han er no komen fram til år 2004 i dette arbeidet. Det er Statsarkivet og Voss Folkemuseum som skal overta arkivet når foreininga vert lagt ned.

Til dette arbeidet har foreininga fått stønad  frå Forsvarets Veteranadministrasjon.

Jolehelsing i år 2007.

I tillegg til jolehelsing får alle veteranar i år tilsendt minnemedaljen for Tysklandsbrigadens 60 års markering.

Alle som var med på turen til Yorkshire får i tillegg eit biletalbum m/referat frå turen

Alt dette grunna Aage Henning Stavenes sitt iherdige arbeid for foreininga.

 

 

Voss 15. januar  2008.

 

Styret


Tilbake