Bergens Tidende 24. august 1998

TEKST: ARNE HOFSETH
FOTO: ODD MEHUS / Bergens Tidende

Veterantreff på Voss

Litt over hundre veteranar frå Tysklandsbrigadane sette kvarandre stemne på Voss i helga.
– Sanneleg kjende fenriken meg att, seier ein overgitt Ingolf Dale frå Sogn til Bergens Tidende.


Langtidsminne
Dale var med i den den siste Tysklandsbrigaden, i 1953.
– Fenriken i vår tropp heitte Ole Børsheim, og eg har følgt med i karrieren hans etterpå, til han slutta som oberst og sjef for IR 10. Men eg har aldri sett han på alle desse åra, og eg kan aldri tenke meg at han har sett meg. Likevel kjende Børsheim-en meg att. Det er aldeles utruleg, seier Ingolf Dale til Bergens Tidende.

Dei eldste ivrigast
Krigshandlingar opplevde han lite av, men hugsar godt at tyskarane heldt til i kjellaren på skulen i heimbygda. Dale var åtte år gamal då krigen braut ut, og gjekk folkeskulen rett over hovudet på tyskarane. Men då han nådde vernepliktsalderen vart han saman med så mange andre jamaldringar send til den britiske sonen av hærtekne Tyskland.
– Eg har ikkje møtt andre menige soldatar frå mitt kull, her under treffet på Voss. Det ser ut til at det er dei eldste veteranane som er mest ivrige til å delta i slike samlingar. Dei fleste er frå kontingentar på 40-talet, seier Dale.

Krigshistorie
På 40-talet hadde Tysklandsbrigadane nummer med 4-tal som første siffer. Dei to første sifra står for årstalet, det tredje fortel om det var første eller andre kontingenten det året.

Torbjørn Håtveit frå Voss var med i brigade 462, det vil seia andre kullet som vart sendt nedover til Tyskland i 1946.

– Vi reiste ned 2. september 1946 og var der ut august 1947, fortel Håtveit.
Han var 14 år då krigen braut ut og kunne fortelja mykje om krigshandlingane på Voss då bortimot førti av veteranane i går reiste på busstur til Ulvik. Dei stoppa på Skjervet undervegs. Der orienterte major Eirik S. Finne om trefningane i aprildagane 1940. Tidlegare Ulvik-ordførar Ragnvald Fleten fortalde om Ulvik-bygda sin lagnad ved krigsutbrotet; skytinga som førde til at sentrum vart lagt i grus. Ingolf Dale er blant dei som gjerne vil høyra historieane frå fleire hald.
– Stundom er det store avvik i framstillingane, seier han og viser til serien med dagboknotat som for tida vert penta i avisa Ytre Sogn.
– Denne dagboka fortel ei anna soge om krigshandlingane på Voss enn den offisielle versjonen, konstaterar han. Sidan notata er skrivne dag for dag av ein menig soldat,har han rimeleg stor tillit til dei.

Vellukka
Gråvêret til trass, Tysklandsbrigadanes Veteranforening, avdeling Voss, fekk i stand eit vellykka veterantreff i helga.
– Politimeister Rolf B. Wegner sin festtale under Brigadefesten laurdag kveld var midt i blinken, seier ein begeistra avdelingsleiar Åge Henning Stavenes til Bergens Tidende. Wegner snakka om politiet sin kvardag. Veteranane heldt det gåande i tre dagar. Dei starta fredagskvelden med mimretreff i Kulturhuset Fraktgodsen. Laurdag reiste nokre via Mølstertunet, andre via Bømoen leir, til ei høgtidsstund med kransing av Regimentsbautaen på Bømoen. Attende på Vangen marsjerte veteranane til krigsminnesmerket i Prestegardsmoen, der det også vart lagt ned krans. Deretter var det kyrkjeparade før veterangudstenesta i Vangskyrkja.

TORBJØRN HÅTVEIT (t.v.) har ein lydhøyr tilhøyrar i Ingolf Dale under utferda til Skjervet og Ulvik i går.