Veteranane frå Tysklandsbrigaden på tur til Polen og Tyskland
20. - 29. August 2003

Veteranane frå Tysklandsbrigaden er framleis aktive, femti år etter at den siste brigaden kom heim. Avdelinga for Voss og omland har nett gjennomførd – for åttande gong – ei vellukka ferd til utlandet. Denne gongen gjekk turen til Polen og Tyskland, fortell formannen i Vosse-foreninga, Aage Stavenes. Av dei 36 deltakarane var dei fleste frå Voss, men det kom også veteranar frå Hardanger og frå Bergensområdet – Voss og omland vert definert vidt i denne samanhengen.

Polen vart ei ny oppleving for dei aller fleste. Det var forvitneleg å sjå korleis polakkane no på alle måtar arbeider med å modernisera landet etter mange års forfall og vanstyre. Jamvel dei triste og grå bustadblokkene fra kommunisttida prøver dei å pynta på med måling i gilde fargar. Vegarbeid er igong overalt og det trengs – men trass i tidvis nedslitne vegar førde sjåføren vår, Anders Seim, oss trygt fram .

I resepsjonen på hotellet i Warszawa var dei litt i stuss over namnet "Tysklandsbrigaden" – dei trudde visst det var ei tysk avdeling – men mistydinga vart straks oppklåra. Ein ung polakk ville gjerne prata om då Polen og Norge vart allierte i 1940 og at ei polsk avdeling var med i kampane om Narvik. Han visste godt at ein polsk ubåt senka eit tysk transportskip som skulle vera med på invasjonen i Norge. Namnet på ubåten kan oversetjast med "Ørn" fortalde han. Krigstida er så visst ikkje gløymd i Polen.

Kirsten Maria Takvam , gift med veteranen Arnold Takvam var utnemnd til referent på turen, og ho skriv m.a.:


Turen starta 20.august og gjekk austetter gjennom Lærdalstunnellen, ned Hemsedal til Gol og vidare til Sarpsborg der vi hadde vår første overnatting. Det regna då vi reiste frå Voss, men etter kvart klårna det opp. På Austlandet nytta mange bønder den fine sommardagen til å få kornet turt i hus. .

Neste dag køyrde vi gjennom Sverige til Karlskrona. Landskapet er for det meste flatt her, store vidder på begge sider av vegen. Runde halmballar prega landskapet mest så langt auga kunne sjå, så her var nok kornet kome i hus. I det opne landskapet var det sett opp mange vindmøller, særleg ved Falkenberg.

Å sitja på buss ein heil dag, kan tykkjast lenge, men for oss var det ei fin oppleving. Kvart land har sin geografi, topografi, historie og samtid, kvar landsdel sine attraksjonar, kjende personar og hendingar. Reiseleiaren vår, Ole Johan Jacobsen, var godt orientert og hadde mykje å fortelja. Vi fekk repetert gammal kunnskap, sett og opplevd mykje nytt og interessant.

I Karlskrona gjekk vi omborg i "Stena Baltic" - veret var fint, sjøen roleg – og neste morgon var vi i Gdynia. Det eigentlege målet med turen var ei opplevingsreise i Polen, og ei minnerik oppleving vart det for oss alle. Polen framstår i dag som eit moderne land, og det har skjedd mykje sidan omveltingane i 1989 då Polen innførde demokratiske val og sette kommunistpartiet på porten. Dei fleste som bur i Polen har vel fått ein litt betre levestandard, men skildnaden mellom fattig og rik har auka. Det er t.d. stor skildnad på lønnsnivået i privat nærlingsliv og det offentlege. Landbruket spelar ei stor rolle i Polen, særleg i nord, men har eit større potensiale enn som i dag blir nytta. Halmballar prega også her landskapet, men elles var store åkrar med mais og sukkerroer eit hyppig syn, og også svære frukthagar.

På vegen til Warszawa stogga vi ved den kjende korsriddarborga Malbork, grunnlagt av Den tyske orden i 1270. Malbork vart snart hovudsete for ordenen, og var på 1400-talet ein av dei sterkaste festningane i Europa. Borga som står på UNESCOs liste over bevaringsverdige bygg strekkjer seg over eit areal på heile 21 hektar. Mykje av borga vart øydelagt under krigen, men er no restaurert. Der var ei imponerande samling av gamle rustningar og våpen, høgborga var opprinneleg bygd som eit godt befesta kloster. Administrasjonsbygget for ordenen imponerte, bl.a. med gammalt sentralvarmeanlegg. Frå omnar i kjellaren førdest varm luft via kanalar til dei øvste salane.

Gruppa fotografert framom den kjende korsriddarborga Malbork (Martin Solstad, Alf og Torbjørg Finnerud er ikkje med på biletet.)

I kveldinga var vi framme i Warszawa, og neste dag hadde vi ei interessant omvisning i byen, med svensktalande guide. Warszawa er i dag ein moderne by med høge hus i glas, betong og stål, fine butikkar og restaurantar, og internasjonale reklamenamn tilkjennegjev at utanlands kapital er investert i mange føretak. Omvisinga byrja i Gettoen, eit område som tyskarane i 1940 bygde ein mur rundt og som i det vesentlege var befolka av jødar. I 1942/43 vart så og seia alle jødar drepne, anten under opprøret, i fengsel eller i konsentrasjonsleirar. Etter Gettooppstanden i 1943 vart området jevna med jorda. Det er imponerande slik det har "gjenoppstått" i dag.

Vi besøkte først fengselet Pawlak, oppretta av russarane i 1835 for politiske polske fangar. Tyskarane nytta det under siste verdskrig til oppbevaring av politiske fangar før deportasjon til konsentrasjonsleirar eller til avretting. Tyskarane sprengde fengselet i 1944, men det er no delvis bygd opp att, og er i dag museum. Møtet med museet var ei sterk oppleving. Det viste i all sin gru kva krig fører med seg av redsler, pine, sorg, liding og personlege tragediar.

"Umschlagplatz" var eit krigsminnesmerke som og gjorde sterkt inntrykk. Det var på skap som ei jarnbanevogn, og symboliserte jødane sin siste stogg i Polen før dei vart sende til dødsleirane.
Om lag ein halv million polske jødar døydde i konsentrasjonsleirar, så dei var mange i fylgje i kuvognene. "Zamenhofa" er eit anna monument over dei som fall i gettopprøret i 1943.
Også polske fangar som vart deporterte til Sibir har fått sitt minnesmerke – ei open jernbanevogn fylt med jernkors.

Så spaserte vi i Lazienki-parken som er eit vakkert parkområde i Warszawa, mykje nytta om sommaren både av polakkar og turistar. Her er vakre palass, friluftsteater, museum, kafear,botanisk hage, vakre trær og blomar, ja om du vil kan du mata både påfugl og ikorn.
Du kan lytta til konsertar ved det vakre Chopin-monumentet Warszawa har forresten mange vakre parkar, grøne lunger, i ein elles hektisk pulserande by. Så var det tid for Warszawas kanskje største severdigheit, nemleg Stave Miasto eller gamlebyen, som ikkje er gammal, berre kring 40 år. Heile bydelen vart rasert under siste verdskrig, men fordi dei hadde greidd å gøyma unna dei gamle teikningane av heile bydelen, hadde dei no bygd han oppatt nett slik han var før. Kongeslottet var på plass, likeeins ei imponerande domkyrkje, og smale gater. Det gamle torget "Kanonia" var der, med sine spesielle vakre hus, til og med lirekassemannen var på plass slik tradisjonen tilseier, overvaka av byens "Skytsdame" på sokkel. Over det heile skuar kong Sigismund 3. Vasa på sin høge sokkel, han som flytte hovudstaden frå Krakow til Warszawa i 1596


Neste dag gjekk turen i strålande sol til Krakow og på vegen besøkte vi "Jasna Gora", Polens største kloster og åndelege senter, oppretta alt i 1382. Det var fleire tusen besøkjande denne dagen. Mange tusen er på pilgrimsvandring til dette klosteret, særleg om sommaren. Vi møtte eit pilgrimsfylgje ca 200 i fylgje. Dei hadde gått 20 mil på fire dagar. Målet for vandringa var å sjå biletet av "Den sorte madonna", for mange polakkar Polens åndelege dronning. Biletet er ifylgje sagnet måla av evangelisten Lukas på ei bordplate. Biletet har vore øydelagt og på avvegar mange gonger, men er no på plass. Det var eit imponerande kloster, vakre bygningar og kyrkjer og eit rikt skattkammer, store gåver gjevne til klosteret. Ein engelsktalande munk fortalde og viste rundt. Ein del av samlinga var dei mange utmerkingane som Lech Walesa mottok i si tid, m.a. Nobelprisen frå 1983.


I Krakow, som er Polens 3. største by, var vi på rundtur i gamlebyen med svensktalande guide. Krakow vart ikkje øydelagt under siste verdskrig korkje av tyskarane eller russarane, og svært mykje av det gamle er bevart. Vi besøkte slottet og domkyrkja på kalksteinsklippa Wawel. Det er det største renessanseslottet i Europa, og har bl.a. Europas største samling av fine gobeliner. Det var tidlegare kongeleg residens, no er det museum. Domkyrkja var både stor og rikt utsmykka. I den er Polen sine kongar og andre betydelege personar gravlagde. På den store marknadsplassen, som er heile 200 x 200 m stor, ruvar tårnet til det gamle rådhuset, men sjølve huset er borte. I den store vakre renessansebygningen, som er eit blikkfang, var det no kafear og butikkar. Mariakyrkja, som ligg på torget, er stor, vakker og rikt dekorert. Kyrkja har det største alteret i Europa, og er eit av dei vakraste. Vi høyrde og såg trompetisten i tårnet, som kvar time bles eit signal mot alle fire verdshjørne. Eit yrande folkeliv var det på torget, og som seg hør og bør tilbaud motoriserte- og hestedrosjar skyss gjennom byen.

Om ettermiddagen besøkte vi saltgruvene i Wieliczka. Gruvene vart starta ca 1200, og var i drift heilt fram til 1997. I snitt arbeidde det ca 400 mann i gruvene. Museet ligg 135 m under jorda, men gruvene går frå 64 – 327 m. Der er ca 300 km med gruvegangar, men berre 4,5 km er åpne for turistar. Ein svensktalande guide viste oss rundt og fortalde, og vi fekk eit godt innblikk i korleis livet hadde arta seg for gruvearbeidarane. Gruvearbeidarane har hogd ut figurar, kapell og kunstige sjøar. Den største katedralen er 54 m lang, har vakre prismekruner hogne i saltstein, vakre skulpturar og alter, og reliefbilete med bibelske motiv kring veggene. Der er konsertsal med 36 m i takhøgde, der er kafear og butikkar. Imponerande.

Frå saltgruvene i Wieliczka

Sol og fint ver var det då vi reiste frå Krakow. Stille rann Wisla gjennom byen, med fine grøntanlegg, spaser- og sykkelstiar på båe sider av elva. Stål- glas og betong prega også høghusa i den nye bydelen Nowa Huta. Mykje utanlandsk kapital er utan tvil plassert også i denne byen. Turen gjekk i dag til byen Oswiecim, seinare meir kjend under namnet Auschwitz. Dette området var preg av å vera eit industri og kolgruvedistrikt. Vi skulle i dag besøkja fangeleiren Auschwitz/Birkenau. Ein svensktalande guide fortalde og synte oss rundt. Møtet gjorde eit sterkt, gripande og ugløymande inntrykk på oss alle. Ufattelege tragediar, umenneskelege lidingar, urettferd, framgjekk av ord, tekst, bilete eller personlege eigneluter til likviderte fangar. Kor mange som omkom i leiren er uklårt. Ein rekna ein stad mellom 1,5 og 2 mill. menneske. Fram til 1943/44 vart alle fangar registrete ved ankomsten, sidan vart mange sende direkte til gasskamra. 90 % var jødar. Leiren vart oppretta i 1940 med Rudolf Høss som øvste kommandant. Dei første politiske fangane var polakkar, men seinare kom det fangar frå alle okkuperte land i Europa. Det var ein arbeidsleir "ARBEIT MACHT FREI", men først og fremst vart det ein utryddingsleir for jødar, seinare for sigøynarar og politiske fangar frå andre land i Europa.
Birkenau blei oppretta i 1942. Den var mykje større, opptil 100 000 fangar var der på ei tid.
Utryddingskapasiteten var mykje større her med bl. a. 4 krematorier med gasskamre og likbål. Det er nok å nemna Adolf Eichmann-aksjonen i 1944 der 400 000 jødar vart utrydda på 42 dagar. Kva som gjorde sterkast inntrykk på den einskilde er vanskeleg å seia. Var det kan henda
- Dei talande illustrasjonane og sterke bileta på veggane.
- Staplar av koffertar med navn, briller, babyklær eller hundrevis av små barneskor.
- Mange tusen kilo hår frå gassa personar.
- Torturkamra, dødscella, sveltecellene, mørkeromscellene eller ståcellene der straffa var å stå opptil 5 personar i små murte bur på 90 x 90 cm i mange netter. 1 av fem bruka overleva.
- Forbrenningsomnane, likhaugbrennarane, oftast unge sterke jødeungdommar, som kanskje laut brenna sine eigne, for så å verta avretta sjølve for å skjula bevis.
- Dødsmuren, der fangar vart hengde, gjerne med bakbundne hender, eller skotne opphengde etter anklane.
- Sokalla "vitenskaplige eksperiment", ofte på barn.
- Gasskammera og redslescenene i dei 5-6 min. det tok frå gassen vart dusja over fangane til døden kom.

Det er vanskeleg å finna ord på sterke kjensler etter eit slikt møte.

Turen gjekk vidare til byen Broclaw, tidlegare kjend som Breslau ,og neste dag forlet vi Polen med kurs for Berlin. Veret var framleis fint. Vi kryssa grensa ved Olszyna. Kontrollen var nøye på polsk side og tok ca 1 time. Det gjekk radig unna på dei flotte tyske motorvegane. Vegane i Polen var mange stadar bra, mange var under utbetring, men det står mykje att før vegstandarden når tysk nivå. Sidan vi kom tidleg til Berlin, vart det høve til ein rundtur med svensktalande guide. Det var ikkje mange merke att etter dei store øydeleggingane av Berlin under siste verdskrig. For oss som ikkje har vore i Berlin før, var det kjekt å sjå kjende stadar som Checkpoint Charlie, rester av den freda "Muren". Vi såg minnetavlene over dei 1008 personane som døydde i fluktforsøk øst/vest i "dødsremsa", Brandenburger Tor, den nye Potzdamer platz, det nordiske ambasadestrøket, det russiske minnesmerket over dei 27 mill. russarar som fall under siste verdskrig, som forresten vart reist i den engelske sona, vi køyrde på tidlegare kongelege jaktmarker "Unter den Linden" for å nemna noko.

Neste dag bar det strake vegen til Kiel der vi gjekk om bord i Color Lines " Kronprins Harald". Veret var fint, og vi hadde ein god overfart til Oslo. Foreninga plar leggja att "spor" etter seg og formannen , Aage Stavenes, gav diplom til mannskap og offiserar for god service, og også laget sin vimpel.

Neste morgon 29.august starta vi på heimveg. Turen gjekk opp Begnadalen på austsida av Sperillen, til Aurdal – Fagernes – langs Vangsmjøsa til Tyinkrysset, over Filefjell, gjennom Lærdalstunnelen og til Voss.

Deltakarane på turen vil rette ei takk til formann Aage Stavenes og styret for arbeidet med å tilretteleggja turen, som i alle måtar var vellukka. Vi takkar ein framifrå flink turleiar, og ikkje minst takkar vi sjåfør Anders Seim for ein trygg og behageleg lang biltur.


Kirsten Maria Takvam