Medaljedryss til brigadeveteranar
Den Norske Tysklandsbrigade 1947 -53 var ein viktig del av norsk etterkrigssoge. For f¿rste gong i fredstid gjorde norske soldater teneste utanfor landegrensene. I alt 50 000 mann var kalla inn,- 125 frŒ Kvam.
I Œret 2000 stifta Forsvaret medalje for teneste i internasjonale operasjonar. Denne vart ogsŒ tildelt dei som deltok i Tysklandsbrigaden eller deira etterlatne.

Ein flokk brigadeveteranar frΠKvam saman med makar var samla pΠFramnes den 10. juli 2002 etter innbyding frΠTysklandsbrigadanes Veteranforening. Avdeling Voss og omland.
Ordf¿rar Martin Vik hadde det ¾refulle oppdraget Œ dela ut medaljene. Avdelingsleiaren Aage Stavenes leidde samlinga og gav eit kort oversyn over brigadehistoria og bakgrunnen for denne. Nyss kjende dokument frŒ Londonregjeringa kunne fortelja at alt sist i 1943 vart det forhandla med britane om ein norsk okkupasjonsstyrke i Tyskland etter krigsslutt, m.a. som takk for det England ytte for Noreg i krigsŒra. I 1947 vart planane r¿yndom. Dramatisk vart det i 1948 dŒ den norske styrken sto vakt ved sonegrensa mot Stalins styrkar pŒ andre sida i den kalde krigens "varmaste veker.

Kaffi¿kta kalla fram gamle brigademinne, og filmframsyninga etterpŒ forsterka inntrykka ved ein kavalkade gjennom brigadehistoria.
Meir sjokkarta var den engelske "liv"-reportasjen frŒ april 1945 dŒ britiske styrkar rykte inn i d¿dsleiren Bergen-Belsen. Her hadde vore 55 000 fangar - vaksne og born - men no var 30 000 av desse d¿de. Dei 6 siste dagane utan vatn og mat hadde blŒse ut mange veike liv. No lŒg dei str¿dde utover leiromrŒdet. Fangevaktarane som no var fangar, fek den makabre oppgŒva Œ k¿yra, bera, dra og lempe dei avmagra lika til massegraver,- eit margrivande syn som igjen sette krigen mot nazismen i perspektiv.

Desse og andre filmar er deler av materiell som veteranlaget arbeider med Œ gjera kjent for elevar i ungdoms- og v.g. skular til hjelp i historieundervisninga. Ved dette h¿vet fekk Framnes i gŒve eit klassesett av temaheftet.

Vestlendingar i Tysklandsbrigaden 1947-53 er eit bokverk som veteranlaget gav ut i 1999. Dette er ei samling personlege opplevingar gjennom alle 12 brigadane, med rikt bilettilfang. Tilsaman gjev dei levande inntrykk pŒ brigadetilv¾ret ,- i glede og sorg, i leir, i felt og pŒ permisjon, stort og smŒtt. Arnfinn Brekke,- ein av redakt¿rane - presenterte boka.

Det syner seg at Forsvaret ikkje har teke vare pΠsamla register over brigademannskapa (!). Det har difor vore eit puslearbeid Πsamla namn,- i Kvam har Tore Eirik Stensvand og Eirik Skutlaberg teke pΠseg dette arbeidet. Men enno manglar namn,- sΠdersom det finst brigadeveteranar som ynskjer Πdra nytta av foreninga sitt arneid, sΠmeld frΠtil kontaktmannen i Kvam, Eirik Skutlabarg, Norheimsund, telefon 56551332.

Skrive av: Jakob R¿yrvik