Milorg – Heimestyrkane. 

Frigjeringskampen.

Den allierte plan var å tvinga tyskarane til kapitulasjon ute i Europa. I Noreg sto det 350.000 soldatar og ein frykta ein måtte rekna med kampar også her. Heimstyrkane som vart oppretta som motstandsgrupper i 1941 vart utstyr og trent for å kunna verna viktige hamner, kraftanlegg og industrianlegg. Dei allierte  sende  fleire  hundre flylaster med alle slags våpen, og andre forsyningar som vart droppa mange stader i landet til styrkane.

Då Tyskland kapitulerte 8. mai 1945 var det 40 000 soldatar i dei norske heimestyrkane som sto fram og besette viktige postar. Få av dei var utstyrt med uniform, dei fleste hadde anorakk med armbind og nikkers. Frigjeringa av Noreg var ikkje berre resultat av andres innsats, nordmenn var med i fridomskampen.

 

Dei to fotografia av flyslepp frå krigen er teke mai 1945 av E. Hagen. Ein av mennene ovanfor er Styrkår Hirth.
Sleppet kom ned i Kvanndalsleitet i Myrkdalen. Bileta er utlånt frå Voss Folkemuseum.

Tilbake