Jubileumstur for Tysklandsbrigaden
Veterantur til Yorkshire 2007

Det er snart 60 år sidan den første Brigaden drog til Tyskland.
Endå ein gong vil me ut og fara – kanskje den siste større Brigadeturen utanlands. Kva passar då betre enn ein tur til England.

Vår generasjon fekk ei spesiell tilknyting til dette landet då vi vaks opp under krigen. Mange huskar nok dei norske sendingane frå BBC som vi lytta til i løynd. Og etter krigen gjorde vi teneste i Tyskland, i engelske battle-dressar, rett nok med det legendariske H7-merket i lua. Det er mykje å sjå i England, og denne gongen har me valt å konsentrera oss om Yorkshire, nord i landet.

Det er å vona at veteranane rettar ryggen og at så mange som råd er vert med på dette siste krafttaket.


Dei norske soldatane i dei to første Tysklandsbrigadane hadde på jakkeermet ein kvit Y på svart botn, som teikn på tilknytning til den kjende 5.Yorkshire divisjonen.

Program:

Det er lagt opp til ein roleg og variert tur med relativt korte reiseavstandar kvar dag.

Dag 1: Torsdag 31-mai 2007:
Oppstilling for reise frå Voss stasjon seinast kl. 06.30 . Ver ute i god tid. Avgang frå Bergen med DFDS sin båt ”Princess of Norway” kl 09.00. Det er sytt for utvendige lugarar for to med køyer på dørken. Vi gjer oss kjend ombord og møter kvarandre til middag om kvelden.

Dag 2 Fredag. Newcastle – Scarborough
Vi kjem til Newcastle kl. 10.30. Deretter køyrer vi mot Durham for å sjå den berømte katedralen, og så ber det innom Richmond for å vitja museet for det kjente regimentet ”Green Howards” Lunsj undervegs. Deretter køyrer vi direkte til Scarborough der vi skal bu under heile opphaldet. Scarborough er ein by med eit folketal på rundt 54 000, og her har det vore ferieby sidan 1626 – då vart byen kjend som ein kurbadby. Vi samlar oss til felles middag om kvelden.

Dag 3 Laurdag. Utflukt til ”Aidensfield”
Etter ein god frukost set vi oss i bussen og køyrer til Goathland som har vorte kjend som ”Aidensfield” i TV-serien ”Med hjarta på rette staden”. Her kan vi vitja puben ”Aidensfield Arms” som vi alle har sett på TV, og vi får tatt ein kikk inn i verkstaden til Mr. Scripps. Lunchen tek vi undervegs.

Vi starter kl 0930 og er tilbake om lag kl 1600.

Dag 4 Søndag Utflukt til Museum
”Eden Camp Modern History Theme Museum” Dette er eit uvanleg, prisbelønt museum som hyller det britiske folket sin innsats under andre verdskrigen. Det var italienske og tyske krigsfangar i Eden Camp i tida mellom 1939 og 1948. Det er svært mange interessante tema som her vert synte fram, og vi bør ta oss god tid. Besøkjande, så vel skuleborn som veteranar, kan t.d. sjå V-1-bomba som slo ned utanfor offisersmessa, drikke te i kantina eller oppleve ei natt under Blitzen i ei av hyttene.

Vi køyrer tilbake til hotellet – slappar av og møtes så til felles middag om kvelden.

Dag 5 Mandag Utflukt til York
Denne dagen tar vi turen til York. Byen har bevart så mykje av middelalderpreget at ein spasertur i sentrum er som å gå i eit levande museum.. Reiseleiaren vil ta oss med gjennom det historiske sentrum og fortelja litt om det vi ser. Jorvik Viking Centre er noko vi må få med oss. Dei mange utstillingane her syner den perioden då York var ein viktig vikingby. I byen er det mange gatenavn som endar på ”gate” etter det norrøne ordet gata. York Minster-katedralen bør vi ta ein tur inn i – det kostar litt, men vi trur det er verdt det - dette er den største gotiske kyrkja nord for Alpane, den er 158 m lang og 76 m breid over midtskipa og den har den største samlinga av glassmåleri frå middelalderen i Storbritannia. Ellers så har York også mange butikker samt ein interessant marknad. Kort sagt er det her noko for einkvar smak.

Vi køyrer attende til hotellet, slappar av og møtest til felles middag.

Dag 6 Tirsdag Denne dagen gjer vi oss kjend i Scarborough.
Det er mykje å sjå, til dømes: Scarborough Castle som ligg på ei klippe eller ein odde like utanfor sentrum og som har ein fantastisk utsikt mot havet. De kan vitja Wood End Museum som syner lokal geologi og historie. Eller kanskje berre slappa av og ta rolige turar og snusa inn atmosfæra frå tidlegare tider då det var fullt av badegjester her. På 1700 tallet vart det rekna for sunt å bade i sjøen og frå 1735 hadde menn og kvinner kvar sin del av stranda der dei vart frakta ut i sjøen i badehus. Nokon vil kanskje berre gå ein tur og sjå på fiskebåtane i havna. Om ettermiddagen må vi ta farvel med denne byen og vi køyrer kortaste veg mot Newcastle der vi må møta på kaien kl 18.00. Båten har avgang kl. 19.30.

Det blir middag like etter at vi har kome om bord.

Dag 7 Onsdag Bergen - Voss
Vi får heile dagen om bord på båten og er i Bergen kl. 22.30. Vi set oss i bussen og køyrer strake vegen til Voss.

HUGS PASS