Gjesteboka: Takk for informasjon om Tysklandsbrig.

Tilbake til gjestebokarkivet

Innlegg av Bente Elin Erga,Klyve,Granvin den 07.03.03.

For snart 2 år sidan hadde eg eit prosjekt om forsvarshistorien til Voss og Omland som 4H oppgåve.Tysklandsbrigaden er ein del av vår lokale forsvarshistorie og eg via eit lite kapittel i opgåva mi om dette.Aage Henning Stavenes,Lars Jordal,no avdøde Anders N. Nesbø og andre var svært hjelpsame i arbeidet med å finne informasjon om brigaden,noko eg er dei evig takknemmeleg for.Ikkje berre fekk eg vite kva brigaden sto for og gjorde,men eg fekk og høyre små historiar,minner og anekdotar frå brigadelivet.Tusen hjarteleg takk for hjelpa.
-Bente Elin Erga,Klyve,Granvin