Føreord

På årsmøtet i Tysklandsbrigandanes Veteranforeining, avd. Voss og omland 27.02.96, vart det valt ei ”fotonemnd” som skulle ta seg av arbeidet med å gje ut ei bok om tida i Tysklandsbrigaden.Nemnda vart seinare omdøypt til ”boknemnd” og har vore samansett slik: Lars E. Fjose, leiar, Nils P. Brekke, Arne Spilde, Knut Strøm og Rolf Helgesen. Dei tre førstnemnde har vore reportasje-team og gjennomført ei rekkje intervju, medan dei to sistnemnde har hatt ansvaret for økonomien.
Etter ei tid kom Sogn og Fjordane avdeling også med i arbeidet, som dermed fekk monaleg større breidd, ikkje minst økonomisk.
Føremålet med boka er å friska oppatt inntrykk og minne frå tida i Tyskland, slik den einskilde opplevde det. Eit anna føremål er å streka under kor viktig det er med eit sterkt forsvar.
Tysklandsbrigaden er no historie, men ein viktig del av historia som fortener å forteljast for yngre generasjonar og repeterast for dei som var med den gongen. Tysklandsbrigaden var og ei vesentleg brikke i spelet om atterreising av det norske forsvaret etter krigen.
Boknemnda takkar alle som har medverka til å gje ut denne boka. Det gjeld Forsvarets Overkommando, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar og kommunar og bedrifter som har gjeve pengar til boka. Ikkje minst takkar boknemnda alle som anten har skrive små forteljingar eller levert inn bilete.
Vi vonar at boka vil vera av interesse for lesaren!


Arnfinn Brekke



Føreord

Det heile tok til på ”Avhaldskafeen” på Voss, der Aage Stavenes og underteikna sat og snakka om arbeidet i foreininga for Tysklandsbrigadane på Voss, som då var nyskipa. Det som serleg opptok oss var tanken på alle minna som soldatane sat inne med, og som snart ville gå i gløymeboka om ikkje noko vart gjort. Dertil ville det vera ei meiningsfylt oppgåve å ha noko å arbeida med i foreininga. Vi var kjende med to tilhøve: For det eine at når brigadesoldatar kom saman gjekk praten friskt om tida i Tyskland og om opplevingar der, – og for det andre at det fanst ei mengd bilete frå den tida som låg bortgøymde. Kunne det vera ein ide å prøva å samla noko av dette og kanskje få det prenta i eit hefte?
Tanken vart lufta på neste årsmøte i avdelinga og det vart valt ei fotonemnd til å stå for innsamlingsarbeidet. Nemnda hadde fleire møte utan at vi fann fram til ein måte å gjera innsamlingsarbeidet på. Då nemnda seinare vart omskipa konstituerte nemnda seg slik: Lars E. Fjose, leiar, Sondov Rabbe, Knut Strøm, Arne Spilde og Nils P. Brekke. Rabbe gjekk seinare frå på grunn av helseomsyn, og i hans stad vart Rolf Helgesen med. Oppgåvene vart delte slik at Knut Strøm var økonomiansvarleg, Rolf Helgesen rekneskapsførar og Fjose, Spilde og Brekke reportasjenemnd.
Spørsmålet om bok i staden for hefte hadde teke form, og då vart opplaget viktigare. Det vart difor bestemt å høyra med våre gode naboar i Sogn og Fjordane avdeling om eit samarbeid om boka, og det vart halde eit sammøte med styret i Sogn og Fjordane avdeling på Brekkestranda den 20. april 1997. Resultatet vart at dei sa seg svært interesserte, og samarbeidet har sidan halde fram. Opplaget vart auka frå 500 til 1000 eksemplar.
Innsamlingsarbeidet skaut fart i båe avdelingane, både når det galdt stoff og pengar. For dette arbeidet skuldar vi takk til formannen i Sogn og Fjordane avdeling, Kåre Rosvold, og medarbeidarane hans, Hans Lavoll og Odd Standal.
Det kom etter kvart inn ei mengd med bilete og forteljingar frå Tysklandstida og dette måtte takast vare på og innpassast i den påtenkte boka vår. Ein strek i rekninga var det at Sondov Rabbe måtte seia frå at han ikkje kunne ta på seg redaktørjobben av helsomsyn. Vi vart difor svært glade då Arnfinn Brekke og Aslak Helleve kunne ta på seg dette arbeidet, og dei er båe brigadeveteranar. Vi takkar dei for arbeidet og vonar at vi med våre bilete og artiklar har gjort det mogeleg for dei å setja saman ei bok som er leseverdig og som tek vare på ein del av historia om Tysklandsbrigaden. Ei takk også til medarbeidarane mine i boknemnda: Knut Strøm, Rolf Helgesen, Arne Spilde og Nils P. Brekke. Dei har kvar på sin plass gjort det arbeidet som var forventa av dei.
Til slutt vil eg få retta ei takk til alle som har vore med og gjeve sitt bidrag til boka, både med utlån av bilete og med stoff.


Lars E. Fjose


Tilbake