Ei trist ulukke

Nils P. Brekke, St. kp., II bn.

Det var tre bilar med soldatar som var til Eckernförde (?) på symjestemne, 27 mann på kvar bil, og dei sat på stolar. Det var på kvelden, mørkt og glatt, og den første bilen rasa opp i ein jordskråning, og for baklengs. Lastebilkassene var av jernplater, så dette skrall saman mest som ein fiskebolleboks, og uheldigvis var det ein som fekk karmen over seg og vart drepen. I tillegg var det 14-15 mann som vart hardt skadde. Det var ein trist kveld, men det kunne gått endå verre. Vi var heldige, trass alt, for litt etter det kom det ein tysk bil som stogga, og i bilen var det ein tysk lækjar som kom og hjelpte til med dei som var skadde. Det var godt, for mellom soldatane var det mange som fekk panikk.

To lite glade karar som har køyrt i grøfta. (Nils P. Brekke, Stabskp.)

Sjåføren og reservesjåføren ved bilen til kompanisjefen. (Nils P. Brekke, Stabskp.)


Troppen grov skyttargraver i ein flott skog. Eg hadde ikkje denne oppgåva, men ville vera med på biletet, lånte meg ein spade og hoppa ned i ei skyttargrav og stod der og gjorde meg til. Det eg ikkje visste, var at bak meg stod det ein kar med bajonett og gjorde ablegøyer med meg. Det var mykje moro, den tida.
(Nils P. Brekke, Stabsbp.)