Adventskrans

Tor Eirik Stensvand, LMV

Ein liten episode frå ein manøver artilleribataljonen hadde på Münsterlager: I LMV (Lett mobil verkstad) hadde vi med oss tyske mekanikarar, det var svært kjekke folk å arbeida saman med. Under manøveren gjekk vi inn til dei ein dag, og då hadde dei nett gjort ferdig bindinga av ein adventskrans som dei hadde hengt opp. Dette med adventskrans var me ikkje kjende med, så det var ei uventa hending for oss.


Frå ein manøver, der me skaut med skarpt. Bombekastartroppen låg ein del til sides for geværtroppane og skaut med 5 kg fosorgranatar mot eit mål lenger framme. (Gerhard Nordvik, St. kp.)